Khaled

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
For namnet Khaled, sjå Khalid.
Khaled
Cheb Khaled performed in Oran on July 5th 2011 (cropped).jpg
Verkeleg namn Khaled Hadj Brahim
Alias arabisk خالد, Khaled
Cheb Khaled
Fødd 29. februar 1960
Oran
Sjanger Raï
Yrke songar

Khaled (fødd 29. februar 1960), opphavleg Khaled Hadj Brahim, òg kjend som Cheb Khaled, er ein algerisk songar, kjend for rai-musikken sin og fleire store slagerar, som «Aicha» og «Didi».

Khaled blei fødd i Oran i Algerie, som er opphavet til den algeriske rai-musikken. Han utvikla raskt ei interesse for å utøva, og byrja å underhalda i bryllaup og omskjeringsseremoniar. Som fjortenåring gav han ut sin første singel, «Trig Lycee», 'skulevegen'. Musikaren var med på utviklinga av musikken på det tidlege 1980-talet, då ein tok i bruk fleire vestlege instrument og nye studioteknikkar.

Han blei kjend som «kongen av rai» under Oran-festivalen i 1985. Etter å ha motteke fleire trugsmål frå fundamentalistiske muslimar på grunn av «umoralsk» innhald i songane og livet sitt, flytta han til Frankrike i 1986.

Fram til 1992 var han kjend som «Cheb Khaled», 'den unge Khaled'. Dette året la han vekk tittelen og gav ut albumet Khaled, som gjorde han til stjerne i Frankrike. I 1993 blei han den første utøvaren av «verdsmusikk» som fekk ein pris på MTV.

Khaled syng hovudsakleg på arabisk og fransk. Han har samarbeidd med mange ulike artistar, mellom anna innan hip hop-verda, med israelske Noa og med den indiske songaren Amar.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til fleire algeriske utgjevingar i 1970- og 80-åra har Khaled gjeve ut desse albuma:

  • 1987: Kutché med Safy Boutella
  • 1992: Khaled
  • 1993: N'ssi, N'ssi
  • 1997: Sahra
  • 1998: Hafla
  • 1999: 1, 2, 3 Soleils med Faudel og Rachid Taha
  • 1999: Kenza
  • 2004: Ya Rayi
  • 2012: C'est la vie

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]