Khalmjerbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart som viser plasseringa til Khalmierbukta.

Khalmjerbukta er ei bukt på kysten av Sibir i Russland i Karahavet. Ho ligg på Gydanhalvøya og er om lag 185 km lang og 47 km på det breiaste.

Den djupe bukta ligg mellom estuara til elvane Ob (Obbukta) og Jenisej, som er nokre av dei viktigaste elvane i Russland.

Khalmierbukta er omgjeve av tundra og fleire elvar munnar ut i ho. Langt inne i bukta ligg busetnadane Tsjornyj Mys og Gyda. Ved munningen ligg Matjujsale og Mongataljang.

Bukta ligg i den administrative regionen Jamalo-Nenetsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 71°17′N 77°47′E