Khanasir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 35°47′0″N 37°29′50″E
Khanasir
خناصر
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Aleppo
Distrikt Al-Safira
Nahiyah Khanasir
koordinatar 35°47′0″N 37°29′50″E
Folketal 2 397 (2004)
Grunnlagd ca. 300-talet
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer landkode: 963
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
[1]

Khanasir (arabisk خناصر, Khanāṣir)[2] er ein landsby i as-Safira-distriktet i Syria. Det er ein av 24 landsbyar som ligg i Khanasirdalen, med totalt 11 000 innbyggjarar.[3]

Landsbyen ligg der landsbyen Anasartha låg i antikken, omgjeve av festningsvollar vest i Syria. Malalas skriv at det var ein kastron (befesta ås-busetnad) som fekk status som ein polis av den bysantinske keisaren Justinianus I av Austromarriket.[4] Ein qanat datert attende til bysantinsk tid tente som vasskjelde for landsbyen var i drift til godt ut på 1900-talet. I følgje Robert L. France er restane av Anasartha frå austromartida «synlege i gata, i nybygde murar, og inne i bustadhus,» i Khanasir i dag.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Anasartha og landsbyane kring opplevde ein velstandsperiode mellom slutten av 300-talet og tidleg på 500-talet, der størsteparten av husa og kyrkjene som ein har funne idenne regionen er datert attende til denne tida. Kyrkja i sjølve Anasartha er datert til 426 evt.[4]

Biskopen av Anasartha bygde ein 'tilfluktstad' i nabolandsbyen Buz al-Khanzir i 506-507 evt.[6]

Sjølv om qanaten ikkje lenger gav vatn til landsbyen då det vart bygd ein pumpebrønn i området vest for Khanasirdalen i 1975, vart den 12 km lange strukturen skildra av Hamidé i 1959 då han gav 8 liter vatn i sekundet, og vatna eit område på 15 hektar.[5]

Epigrafiske lekamar[endre | endre wikiteksten]

Det er funne mange steininskripsjonar epigrafar i Anasartha . Til dømes finst det ein inskripsjon datert til 425 evt. som markerer gravstaden til dronning Mavia, leiaren for Tanukh-forbundet som gjorde opprør mot romarane seint på 300-talet.[7] Her finst òg inskripsjonar daterte til seint på 500- og tidleg på 600-talet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen ligg i eit tørt område som får mest nedbør mellom oktober og mai med ein årsnormalnedbør på 210 mm. Dette varierer derimot mykje frå år til år, og halvparten av åra mellom 1929 og 2004 fekk meir enn 200 mm og ein fjerdedel av åra kom det meir enn 250 mm.

Juli og august er dei varmaste månadane med ein dagleg gjennomsnittleg maksimumstemperatur på 37 °C. Den lågaste daglege minimumstemperaturen er 2,3 °C i januar. Ein kan få nattefrost i november og desember.[8]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Som med resten av landsbyane i Khanasirdalen, er hovudnæringa i området jordbruk og beitedrift.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Khanasser, Halab i Syria». Travel Journals. http://www.traveljournals.net/explore/syria/map/m3497844/khanasser.html. Henta 10. april 2014. 
  2. France, 2007, s. 243.
  3. T. L. Nielsen and M. A. Zöbisch (30. mai 2001). «Multi-factorial causes of land-use change: land-use dynamics in the agropastoral village of Im Mial, northwestern Syria». Land Degradation & Development (John Wiley & Sons, Ltd.) 12 (2): 143–161. doi:10.1002/ldr.445. 
  4. 4,0 4,1 Kennedy, 2006, s. 165.
  5. 5,0 5,1 France, 2007, s. 244.
  6. Kennedy, 2006, s. 166.
  7. Ball, 2001, s. 98–102.
  8. 8,0 8,1 International Center for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA) & The Atomic Energy Commission of Syria (AECS) (januar 2005). «Sustainable Agricultural development for Marginal Dry Areas: Khanasser Valley Integrated Research Site» (PDF). ICARDA. http://web.archive.org/web/20060927002020/http://www.icarda.cgiar.org/INRMsite/WorkshopBookletFinal_En.pdf.