Khartoum
الخرطوم al-Kharṭūm | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Delstat |
Sudan Khartoum |
Grunnlagd | 1821 |
Geografi | |
Innbyggjarar - By |
2 090 001 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 382 m |
Plassering | |
![]() |
Khartoum (الخرطوم, al-Kharṭūm som tyder «elefantsnabel») er hovudstad i Sudan.[1] Byen ligg ved møtestaden for Kvite-Nilen (som kjem frå Uganda), og Blå-Nilen (som kjem frå Etiopia), i det som poetisk vert kalla historias lengste kyss, Al mogran. Byen har eit folketal på om lag 2 millionar, og dannar saman med Omdurman eit storbyområde med om lag 4 millionar innbyggjarar. Dette området er delt av elvane i 3 delar: Khartoum, som er den tidlegare britiske delen, Omdurman, den sudanske hovudstaden som var Mahdien og Ansarrørsla sin hovudstad og skanse i striden med britane, og Khartoum North, som i dag er den bydelen som har utvikla seg i dei seinare åra og har vakse fram som nytt bu- og industriområde.
Byen vart grunnlagd i 1821, som ein utpost for den egyptiske hæren nord for oldtisbyen Soba. Medan Egypt var under britisk styre blei garnisonbyen teken av Mahdi-styrkar etter omleiringa av Khartoum i 1884. Han blei teken tilbake av britiske styrkar i 1898 og var administrasjonssenter for det anglo-egyptiske styret av Sudan fram til 1956,[1] då byen blei hovudstad for eit sjølvstendig Sudan.
I byen ligg Khartoum universitet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Khartoum | Location, Facts, & History», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 9. juli 2020
- Denne artikkelen bygger på «Khartoum» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2020.