Khaybar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°42′N 39°17′E
Khaybar
خيبر
by
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 25°42′N 39°17′E
Tidssone AST (UTC+3)
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Khaybar

Khaybar (arabisk خيبر) er ein oase kring 153 km nord for Medina (det gamle Yathrib) i Saudi-Arabia. Før islam kom til området, var dette ein festningsby busett av jødiske folk i tidlegare tider. Han fall til muslimske styrkar i 629 evt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førislamsk Khaybar[endre | endre wikiteksten]

I 567 vart Khaybar invadert og busett av jødiske innbyggjarar under den ghassanidske, arabiske kongen Al-Harith ibn Jabalah. Han sette sidan fangane han tok fri då han reiste attende til Levanten. Ei kort skildring av toktet er skriven av Ibn Qutaybah,[1] og stadfesta av Harran-inskripsjonen.[2] See Irfan Shahid's Byzantium and the Arabs in the Sixth Century for full details.[3]

Khaybar på 600-talet[endre | endre wikiteksten]

På 600-talet var Khaybar busett av jødar, som var dei første til å dyrke opp oasen.[4] Dei livnærte seg av å dyrke daddelpalmar, i tillegg til handel og handverk, som gav dei stor velstand. Mellom anna vart det funne omleiringsutstyr, som truleg skulle seljast til arabarane.

Oasen var delt i tre regionar: al-Natat, al-Shikk og al-Katiba. Kvar av desse regionane hadde fleire festningsverk eller reduttar med bustadhus, lagerhus og stallar. Kvar av festningane var busette av forskjellige familiar og omgjeve av åkrar og palmelundar. Festningsverka vart bygd på små høgder.

I muslimsk tid[endre | endre wikiteksten]

Jødane fekk bu i oasen i fleire år, før dei vart drivne bort av kalifen Umar. Jødane som budde her måtte betale skatt til kalifen, og dette vart sidan ei islamsk lov som kravde ein skatt kalla jizya frå dhimmiar, altså ikkje-muslimar under muslimsk styre.

I mange hundreår var oasen i Khaybar ein viktig stoppestad for karavanar. Senteret utvikla seg kring fleire eldgamle demningar som vart bygde for å halde på regnvatn. Kring desse dammane voks det daddelpalmar. Khaybar var kjend som eit viktig senter for daddelproduksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ibn Qutaybah: al-Ma'arif
  2. Harran Inscription
  3. Irfan Shahid: Byzantium and the Arabs in the sixth century, s. 322
  4. Yāqut, Šihāb al-Dīn ibn ‘Abd Allah al-Ḥamawī al-Rūmī al-Baġdādī (red. Ferdinand Wüstenfeld), Mu’jam al-Buldān, vol. IV, Leipzig 1866, s. 542 (reprint: Ṭaharān 1965, Maktabat al-Asadi); Hayyim Zeev Hirschberg, Israel Ba-‘Arav, Tel Aviv 1946, s. 343 (Hebrew).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]