Khentkaus III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Khentkaus III
Kona til kongen, mor av kongen
Fødd25. hundreåret f.Kr.
Død25. hundreåret f.Kr.
Regjeringstidc. 2450 f.Kr.
Alle titlarDronning
Fullt namnKhentkaus III
Egyptisk namn:
xnt
t
kA kA
kA
s

Translitterasjon:
Ḫnt kȝw=s
Hus eller slekt5. egyptiske dynasti
GravstadBurasir, Egypt
LandEgypt i oldtida
MorKhentkaus II
FarNeferirkare Kakai
EktefelleNeferefre
BarnMenkauhor Kaiu

Khentkaus III var ei gemalinne frå oldtida i Egypt som levde i det femte egyptiske dynasti.[1] Ho var truleg kona til farao Neferefre, og dimed også mor til farao Menkauhor Kaiu.[2][3]

Den 4. januar 2015 annonserte egyptiske myndigheiter at ei gruppe tsjekkiske arkeologar hadde funne grava hennar.[2] Før oppdaginga var eksistensen av Khentkaus III ukjend, ifølgje den egyptiske antikvaren Mamdouh Eldamaty. To tidlegare egyptiske gemalinner med same namn er tidlegare identifisert.[2][4]

Gravkammer[endre | endre wikiteksten]

Gravkammeret til Khentkaus III — merka med AC 30[1] — vart avdekka i Abusir, Egypt, der det finst fleire pyramidar dediserte til faraoar i det femte dynastiet, inkludert Neferefre.[4] Gravkammeret vart funne i nærleiken av Neferefre si grav av tsjekkiske arkeologar, leia av Miroslav Bárta ved Karlsuniversitetet i Praha, med egyptisk samarbeid. Namnet og rangen til Khentkaus var inngravert i dei inste veggane av kammeret, og er truleg gjort av byggjarane.[4] Relieffane identifiserte Khentkaus III som både «kona til kongen» og «mor av kongen», som tydar på at sonen inntok trona.[3] Statuettar, 24 reiskapar av kalkstein og fire reiskapar av kopar vart funne i grava.[3] Grava er datert til midten av det femte dynastiet.[4]

Arkeologane som avdekka gravkammeret meinte at det kunne tilhøyre kona til Neferefre sidan det låg så nært gravstaden hans, i ein liten kyrkjegard mot søraust.[5][6] Eldamaty sa at «oppdaginga vil hjelpe oss med å kaste lys over visse ukjende aspekt ved det femte dynastiet, som, saman med det fjerde dynastiet, var vitne til byggjinga av dei fyrste pyramidane.»[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 «Czech expedition discovers the tomb of an ancient Egyptian unknown queen». Charles University. Januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Tomb of previously unknown pharaonic queen found in Egypt». The Express Tribune. 4. januar 2015. Henta 4. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Tomb find reveals existence of new Egyptian queen». Fox News. 4. januar 2015. Henta 4. januar 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Tomb of Fifth Dynasty queen found in Egypt». ABC Online. 4. januar 2015. Henta 4. januar 2015. 
  5. «Tomb of ancient Egyptian queen uncovered by archaeologists». The Independent. 5. januar 2015. 
  6. «4500 years old tomb of unknown Ancient Egyptian Queen discovered». Luxor Times. 4. januar 2015. 
  7. «BBC News - Queen Khentakawess III's tomb found in Egypt». BBC News. Henta 5. januar 2015.