Khmelnytskyj-oppstanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mykola Ivasjuk: Bohdan Khmelnytskyj rid sigrande inn i Kiev

Khmelnytskyj-oppstanden var ein oppstand retta mot den føydale stenderstaten Polen-Litauen som gjekk føre seg i åra frå 1648 til 1657. Den store oppstanden frå zaporozje-kosakkar og breie lag av den russisk-ortodokse befolkninga vart leia av den ukrainske stormannen Bohdan Khmelnytskyj. Til grunn for oppstanden låg eit stendig meir vilkårleg hardstyre frå polske, adelege godseigarar overfor dei ukrainske og kviterussiske folka på landsbygda, med omfattade økonomisk utbytting og dessutan eit påtrykk mot religionen deira, det siste basert på Brest-avtalen av 1596. I nyare historeskriving vert Khmelnytskyj-oppstanden ofte omtala som den nasjonale frigjeringskrigen til dei ukrainske og kviterussiske folka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]