Khoisanspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khoisan
Vidare inndeling:
Område: Kalahari, sentrale Tanzania

Khoi-San.png
Utbreiinga av khoisanspråk (gult)

Khoisanspråk er ei gruppe språk som blir snakka i det sørlege Afrika (Sør-Afrika, Namibia, Angola og Botswana). Khoisantalande folk er san, khoi khoi, damara og nama. I Nord-Tanzania er det også to khoisan-språk, hadza og sandawe, språka til to jeger- og samlarfolk.

Khoisanblei føreslått som ein språkfamilie av Joseph Greenberg.[1] Lingvistar som studerer språka har forkasta ideen om at dei utgjer ein genetisk familie, men termen blir framleis nytta som ei passande gruppering utan å implisera slektskap, lik termane papuanske språk eller australske språk.[2][3] Grupperinga kjem av at khoisanspråka alle bruker klikkelydar og ikkje høyrer til nokre andre afrikanske språkfamiliar. Dei andre større språkfamiliane er dei afroasiatiske språka og dei Kongo-kordofaniske språka.

Til saman har khoisan-språka omtrent 150 000 talarar. I dag vert dei talt i Kalahari-ørkenen i sørvestlege Afrika, og i ein liten del av Tanzania. Det einaste vidstrakte språket er nama, med ein kvart million brukarar. Sandawe kjem på den andre plassen, med 40 000, og ju har 30 000. Mange av språka minskar i utbreiing, og er sjeldne og/eller utdøyande – nokre av språka er allereie utdøydde.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Eit karakteristisk trekk ved khoisanspråka er dei såkalla klikkelydane. Språket juǀ'hoan har 30 klikk-konsonantar og rundt 90 ulike fonem. Språka ǃXóõ og ǂHõã er like komplekse. Dei einaste andre språka som brukar slike klikkelyder, er bantuspråka som blir snakka i nærleiken, som t.d. nguni-språka (mellom anna zulu, xhosa og nedebele) og gciriku.

Khoisanfolka i Botswana blir rekna for ein av dei eldste greinene av menneskeslekta.

Khoisanspråka[endre | endre wikiteksten]

Nordkhoisanspråka[endre | endre wikiteksten]

Sørkhoisanspråka[endre | endre wikiteksten]

ǃKwi[endre | endre wikiteksten]

ǂHõã[endre | endre wikiteksten]

Midtkhoisanspråka[endre | endre wikiteksten]

  • Khoekhoe: nama-språket
  • Khoe
    • Kxoe: kxoe, ǁani, buga, gǀanda
    • Naro-gǁana: naro, gǁana, gǀui, #haba
    • Shua: cara, deti, ǀxaise, danisi, ts'ixa
    • Tshwa: kua, cua, tsua

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greenberg, Joseph H. 1955. Studies in African Linguistic Classification. New Haven: Compass Publishing Company. (Reprints, with minor corrections, a series of eight articles published in the Southwestern Journal of Anthropology from 1949 to 1954.)
  2. Bonny Sands (1998) Eastern and Southern African Khoisan: Evaluating Claims of Distant Linguistic Relationships. Rüdiger Köppe Verlag, Cologne
  3. Gerrit Dimmendaal (2008) "Language Ecology and Linguistic Diversity on the African Continent", i Language and Linguistics Compass 2(5)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Schapera, I.: The Khoisan Peoples of South Africa - Bushmen and Hottentots. London : Routledge & Kegan Paul, 1960.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Khoisanspråk