Khokhloma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khokhlomaprodukt

Khokhloma (russisk хохлома; uttalt [xəxlɐˈma]) eller khokhlomamåling (хохломская роспись, khokhlomskaya rospis) er ei form for russisk folkekunst der ein måler ornamenterte blomar, blad og bær på treprodukt. Ofte kan ein også framstilla eldfuglen frå russisk folkeminne.

Ein bruker typisk ein kombinasjon av raud, svart og gull til å måla i khokhlomastil. Vanlegvis nytter ein raud, svart, grønt, gult og oransje på ein gullbakgrunn. Effekten av dette på utstyr og møblar kan vera at det verker tyngre og meir metallisk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Khokhlomamåleri på ei treause forma som ei svane laga i Nizjnij Novgorod
Khokhlomaprodukt på eit sovjetisk frimerke

Målestilen har namn etter landsbyen Khokhloma (56°58′23″N 43°54′07″E / 56.973°N 43.902°E / 56.973; 43.902) i Koverninskij distrikt i Nizjnij Novgorod oblast i Volga-regionen, der han fyrst blei kjend på andre halvdel av 1600-talet.

Handverket oppstod blant gammaltruande som søkte tilflukt i skogane etter å ha flykta frå forfølging. Før dette hadde lokale folk laga husgeråd av mjuke trevyrke. Blant dei religiøse flyktningane var det ikonmålarar som lærte opp lokale handverkarar i dei særskilde teknikkane med å måla tre gyllent utan å bruka ekte gull.[1]

Ivan Bakanov. Khokhlomamålarar i arbeid. Palekh-miniatyr frå 1929.

Tregjenstandar, typisk dekketøy, blei vanlegvis grunna med mørtelav leire, linolje og tinnpulver (i nyare tid bruker ein aluminium). Eit blomemotiv blei måla oppå dette med pensel. Etter dette blei gjenstandane dekte med linolje (i nyare tid erstatta av syntetisk olje) og hardna i omn ved høge temperaturar. I khokhlomastil nyttar ein to hovudteknikkar for å måla, den såkalla overflatiske teknikken (raud og svart farge over den gylne) og bakgrunnsteknikken (eit gyllent siluettaktig design over ein farga bakgrunn).

Fyrst blei khokhloma kjend i Austen, og handverket blei laga for indiske og persiske markndar. Gjennom ei utstilling i Paris på slutten av 1800-t-alet blei stilen ogå kjend i vesten.[2] Tidleg på 1900-talet verka det som om stilen var i ferd med å forsvinna, men han blei gjenoppliva i sovjettida. Khokhlomahandverkarar danna artel i 1920- og dei tidlege 1930-åra. På 1960-talet blei det bygd ein sovjetisk fabrikk kalla 'Khokhloma-målaren' nær landsbyen Khokhloma, og det blei skipa eit industrilag 'Khokhloma-måling' i byen Semjonov. Desse to produksjonsstadene blei senter for khokhlomamåling i Russia, og lager dekkjetøy, reiskapar (mest skeier), møblar, suvenirar og liknande.

Khokhlomamuseet blei opn i fabrikken i Semjonov i 1972. Her kan ein mellom anna sjå ei kjempestor khokhlomaskei som er 2 meters og 67 cm lang, og ei skål på ein og ein halv meter.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Khokhloma Ware: Folk art for the masses by Stuart King
  2. Jemeljanowa, Tatjana (2001). Das GoldeneChochloma - Dekorative Holzmalerei. Germany: Interbook Business. s. 14. ISBN 9785891640931.