Khol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Khol
Mridanga 1.jpg
Kholtromme med det minste trommeskinnet synleg.
Klassifiseringtromme

Khol (খোল, খোল), også kjend som mrdanga eller mridanga(মৃদঙ্গ, forskjellig frå sørindisk mridangam) er ei keramisk tosida tromme brukt i nordlege og austlege India, særleg Bengal, Assam, Manipur og Orissa. Ein speler på henne med handflata og fingrane på begge hender. Ho blir brukt som akkompagnement til religiøs musikk (bhajan og kirtan), til dansen gaudiya nritya og til folkemusikk.

Delane av kholtromma (mridanga)
Kholtromme med det største trommeskinnet synleg.

Korpuset eller kroppen til tromma er laga av leire, medan trommeskinna tradisjonelt er av tre lag lêr. Ein lager ein sirkel i midten av skinnet av rissmørning, lim og jern. I moderne tid finst også trommer med kropp av glasfiber og syntetiske trommeskinn. Tradisjonelle trommer har reimer mellom dei to trommeskinna og ei lengre reim som ein kan bera tromma med.

Den assamesiske helgenen Sankardev skal ha brukt khol.[1] Tromma blir elles brukt til ulike songar, som kirtanar av dei bengalske diktarane Chandidas, Govindadasa og Gyanadas. Ein bruker henne også til den bengalske dansen gaudiya nritya.

Khol er hovudtromma brukt til bhajan- og kirtansynging av International Society for Krishna Consciousness (ISKCON, «Hare Krishna-rørsla») og Gaudiya Vaishnava.

Tromma blir sagt å vera ei lekamleggjering av guden Balarama, broren til Krisjna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Indian Literature, Sähitya Akademi., 1970, s. 84, henta 23 December 2012  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]