Khordad sal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Khordad sal er ei høgtid innan parsismen, feira til minne om fødselsdagen til grunnleggjaren Zarathustra.

Dagen blir feira den sjette dagen i parsimånaden farvardin. Datoen er symbolsk, ettersom fødselsdatoen til profeten er ukjend. Tidlegare kunne dagen feirast som Navroz-i-khas, 'særskild nyttår', til forskjell frå Navroz-i-am, 'alminneleg nyttår'.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Denne dagen tek parsiar i bruk nye klede, husa blir vaska og pynta, ein tek inn velduftande blomar og lager velsmakande måltid. I templa held ein takkebøner i ritual kalla djasjan.

Dato i vestleg kalender[endre | endre wikiteksten]

Høgtida fell på desse datoane i følgje dei ulike kalendrane:

År Fasli Qadimi Shenshai
2009-2011 26. mars 25. juli 24. august
2012-2013 26. mars 24. juli 23. august

Kjelder[endre | endre wikiteksten]