Khorovod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lubokbilde av khorovod-dans frå 1700-talet.
Khorovod-dans i Belgorod i 2014.

Khorovod er ein austslavisk folkedans der ein dansar ringdans og syng i kor til. Han kan også vera akkompagnert av instrument. Khorovod er rekna som ein av dei elste russiske dansane, og skal gå over 1000 år tilbake.[1] I Russland har dansen òg vore kjend som karagod, tanok og krug.

Khorovod-dansar og songar kan vera knytte til rituale, og mange av dei formidlar førestillingar som går langt tilbake i tid, ofte med førkristent innhald.[2]

Mot slutten av 1800-talet byrja khorovod å fortrengast av nyare dansar, som kvadrilje, vals og polka.[3]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet khorovod (russisk хорово́д, IPA: [xərɐˈvot], ukrainsk хоровод, коло, kviterussisk карагод  [karaˈɣot], bulgarsk хоро, polsk korowód) skal stamma frå gresk choreia (gammalgresk χορεία). Gresk kultur har hatt sterk innverknad på russisk kultur. Han er i slekt med den greske ringdansen choreia, kolodans (sørslavisk ringdans frå Serbia, Kroatia og Bosnia), horadans (Balkan), kochari (armensk og aserbajdsjansk folkedans).

Regionale variantar i Russland[endre | endre wikiteksten]

Khorovod-dans blei dansa på ulike måtar i ulike delar av det gamle Russland.

I Nord-Russland var dansen kjend for avmålte, rolege rørsler og vakre, mystiske melodiar.

I Sentral-Russland i områda rundt Moskva var dansen muntrare og lettare. Ein song russiske folkesongar som akkompagnement. Dansarar klappa og sparka og utførte raske, energiske rørsler.

Danseforma i Sør-Russland er kjend for raske, livlege rørsler og komplekse mønster som viser fram styrke, energi og ungdom.[4][5]

Khorovod i andre verk[endre | endre wikiteksten]

Khorovod har inspirert mykje av russisk kunstmusikk og opptredenar. Til eit patriotisk stykke av Catterino Cavos frå 1812, 'Militsen, eller kjærleik for fedrelandet', utforma den fyrste kjende russiske koreografen Ivan Valberkh eit ballett-divertissement som inneheldt khorovod-dans.[6] Rimskij-Korsakov nytta khorovod i operaene Mlada (1892),[7] 'Mainatta' (1892) og 'Julaftan' (1895).[6]

Khorovodmusikk blei brukt av Prokofjev i 1936 til ei scenesetjing av Pusjkin-stykket Eugen Onegin, som fyrst blei oppført i 2012 ved Princeton University.[8] Stravinskij nytta khorovod-aktig musikk både i Eldfuglen og Vårofferet.[9]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. RBTH, Daria Krylova (5. januar 2017). «8 facts about the khorovod, Russia’s oldest dance». www.rbth.com (på engelsk). Henta 21. mai 2019. 
  2. Hunt, David (2003). «The Association of the Lady and the Unicorn, and the Hunting Mythology of the Caucasus». Folklore 114 (1): 75–90. ISSN 0015-587X. 
  3. Frank, Stephen P. (1992). «"Simple Folk, Savage Customs?" Youth, Sociability, and the Dynamics of Culture in Rural Russia, 1856-1914». Journal of Social History 25 (4): 711–736. ISSN 0022-4529. 
  4. «Russian dance Khorovod | RusClothing.com». www.rusclothing.com. Henta 21. mai 2019. 
  5. RBTH, Daria Krylova (5. januar 2017). «8 facts about the khorovod, Russia’s oldest dance». www.rbth.com (på engelsk). Henta 21. mai 2019. 
  6. 6,0 6,1 WILEY, ROLAND JOHN (2015). «Dances in Opera: St. Petersburg». Dance Research: The Journal of the Society for Dance Research 33 (2): 227–257. ISSN 0264-2875. 
  7. Naroditskaya, Inna (2011). «Mlada and the Spellbinding Female Circle». Oxford University Press. ISBN 978-0-19-534058-7. doi:10.1093/acprof:oso/9780195340587.001.0001/acprof-9780195340587-chapter-007. 
  8. Emerson, Caryl (2013). «Tairov's Theater, Evreinov's Monodramatic Moment, and the Lessons of "Eugene Onegin", a Drama in Verse». Pushkin Review / Пушкинский вестник. 16/17: 1–23. ISSN 1526-1476. 
  9. Craft, Robert (1966). «The Rite of Spring: Genesis of a Masterpiece». Perspectives of New Music 5 (1): 20–36. ISSN 0031-6016. doi:10.2307/832386. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Khorovod