Kiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kiberg
tettstad
Kiberg.jpg
Foto: magnethy
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Vardø
Areal 0,3 km²
Folketal 202 (2017)
Folketettleik 673 / km²
Postnummer 9960 KIBERG
Preposisjon i Kiberg
Kart
Kiberg
70°17′7″ N 30°59′53″ E
Wikimedia Commons: Kiberg

Kiberg er ein tettstad i Vardø kommune i Finnmark. Staden ligg på nordsida av munningen til Varangerfjorden, nær det austlegaste punktet på fastlandet i Noreg, Kibergsneset, og om lag 10 km frå Vardø by. E75 går gjennom Kiberg.

Kiberg har vore eit viktig fiskevær i fleire hundre år og er det framleis i dag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen flykta meir enn 50 menn og kvinner frå Kiberg over grensa til Sovjetunionen.[1] 45 av mennene gjekk inn i Den raude arméen, og fleire av dei var på spionoppdrag attende i det nazi-okkuperte Nord-Troms og Finnmark. Ei av oppgåvene var å overvake den tyske skipstrafikken og rapportere attende til Sovjet om det som skjedde. Dette arbeidet førte til at sovjetarane klarte å finne og senke ca. 80 tyske lasteskip. Nær halvparten av dei 45 partisanane frå Kiberg vart fanga og drepne av tyskarane. Etter krigen reiste nesten alle dei overlevande attende til Kiberg. I etterkrigstida vart mange av dei misstenkte for å vere spionar for Sovjet og utsett for overvaking, og Kiberg vart kalla «Lille Moskva». Det tok lang tid før Kiberg-partisanane vart heidra for innsatsen sin for Noreg. I 2000 vart Partisanmuseet opna i det tidlegare skuleinternatet i Kiberg.

Folk frå Kiberg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arne Egil Tønset (9. juni 2018). «De hemmelige agentene Norge helst ville glemme». NRK.no. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.