Kiberg bedehuskapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kiberg bedehuskapell
kapell
Foto: Hans Olav Lien
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Vardø
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Varanger
Sokn Vardø
Fellesråd Vardø
Material Tre
Innvigd 1924
Kyrkjegard Det er kyrkjegard vestom bedehuskapellet
Sitjeplassar 65
Kart
Kiberg bedehuskapell
70°17′10″N 30°59′07″E / 70.28609°N 30.98533°E / 70.28609; 30.98533
Wikimedia Commons: Kiberg bedehuskapell

Kiberg bedehuskapell er eit kapell i Kiberg i Vardø kommune i Finnmark. Huset vart bygd som bedehus i 1924.

Kiberg bedehuskapell is located in Finnmark
Plasseringa til Kiberg bedehuskapell

Bygget er i tre og har sitjeplassar til 65 personar. Preikestolen er plassert like bak alteret. På veggen bak preikestolen heng det eit målarstykke som viser den store kvite flokk. Det vart laga under andre verdskrigen. Under krigen hadde bedehuset vorte rekvirert av dei tyske styrkane, men då dei ikkje lenger brukte det fekk kibergingane det attende. Det var då måla ymse slagord på tysk på veggene inni huset. Eit av slagorda gav inspirasjon til målarstykket og det ber framleis påskrifta «Kun en kan overhode seire, og det er vi.»

I 2005 måtte kommunen spare pengar og leigeavtalen med Normisjon for huset vart oppsagd. Då vart det danna eit venelag, kalla Bedehusets venner, som stod for vidare drift av bedehuskapellet.[1]

Det har lenger attende i tid vore kyrkje i Kiberg. Den siste vart riven i 1746 fordi ho var i så dårleg stand. Barokkaltertavla frå kyrkja vart då flytt til Nesseby kyrkje.[2]

Kiberg bedehuskapell ligg i Vardø sokn i Varanger prosti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]