Kid Icarus: Uprising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kid Icarus: Uprising
Utviklar(ar)Project Sora
Sora Ltd.
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Masahiro Sakurai
Produsent(ar)Yoshihiro Matsushima
Komponist(ar)Motoi Sakuraba
SerieKid Icarus
Plattform(er)Nintendo 3DS
UtgjevingJP: 22. mars 2012
NA: 23. mars 2012
EU: 23. mars 2012
SjangerSkytespel i tredjeperson
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttp://www.nintendo.fr/Jeux/Nintendo-3DS/Kid-Icarus-Uprising-274281.html
Del av serien Kid Icarus⠀
←Kid Icarus: Of Myths and Monsters⠀ ·

Kid Icarus: Uprising er eit skytespel i tredjeperson utvikla av Project Sora og Sora Ltd. og utgjeve av Nintendo til Nintendo 3DS. Det vart utgjeve internasjonalt i slutten av mars 2012 og er det tredje spelet i Kid Icarus-serien, det første sidan Kid Icarus: Of Myths and Monsters som kom ut i 1991.

Kid Icarus: Uprising går føre seg i ein setting som er laust basert på gresk mytologi. Protagonisten er engelen Pit, som tener gudinna over lyset, Palutena. Når gudinna over mørket, Medusa, returnerer for å øydelegge menneskja, drar Pit på ein serie av oppdrag, først for å kjempe mot henne, deretter mot Hades, herren over underverda. I spelet kontrollerer spelaren Pit, først i segment der han reiser gjennom lufta og skyt på fiendar, deretter i segment på bakken som fungerer som skytespel i tredjeperson. I tillegg til kampanjemodus har spelet modusar der opp til seks spelarar kan tevle mot kvarandre.

Uprising var laga av Masahiro Sakurai etter ein førespurnad frå Satoru Iwata om å utvikle ein lanseringstittel til Nintendo 3DS, som då var under utvikling. Spelet har selt over ein million kopiar og fekk hovudsakleg positiv kritikk, særleg for historia, grafikken, musikken og spelemekanikkane, sjølv om kontrollsystemet fekk blanda mottaking.[1][2]

Eit stativ til Nintendo 3DS kan brukast for å stø opp konsollen og gjere spelet lettare å spele. Berre stativet til høgre.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «ANMELDELSE: Kid Icarus: Uprising». Gamer.no. 26. mars 2012. Henta 3. juli 2019. 
  2. «Kid Icarus: Uprising Review». Eurogamer. 19. mars 2012. Henta 3. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Kid Icarus: Uprising