Kidnappingsforsøket på dronning Juliana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paleis Soestdijk der Juliana budde.

Kidnappingsforsøket på dronning Juliana fann stad våren 1975, då fleire personar frå Molukkane i Indonesia forsøkte å kidnappe dåverande dronning Juliana av Nederland.

3. mars 1975 vart to ungdommar stoppa av politiet og det vart funne våpen og ammunisjon i bilen deira. Planen var å leie ein tung lastebil og krasje inn i porten til Paleis Soestdijk der Juliana budde, og deretter med 37 andre kidnappe dronninga. Målet var å tvinge den nederlandske- og den indonesiske regjeringa til å anerkjenne Republikken Sør-Molukkane som ein uavhengig stat. 17 ungdommar vart dømde opp til seks år i fengsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]