Kidrondalen
Kidrondalen | |||
dal | |||
Kirondalen sett frå Gamlebyen i Jerusalem
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
By | Jerusalem | ||
Koordinatar | |||
Lengd | 35 km | ||
![]() Kidrondalen | |||
Wikimedia Commons: Kidron Valley | |||
Kidrondalen (hebraisk נחל קדרון, Naḥal Qidron; òg Qidrondalen; arabisk وادي الجوز, Wadi al-Joz) er ein dal på austsida av Gamlebyen i Jerusalem, mellom Tempelhøgda og Oljeberget. Han held fram austover til Judeaørkenen, mot Daudehavet. Busetjinga Kedar har fått namn etter dalen, og ligg på ein rygg over Kirondalen. Bydelen Wadi al-Joz er kalla opp etter det arabiske namnet på dalen.[1]
Det ligg mange gravholer i dalen. Området, som ligg i utkanten av landsbyen Silwan, var ein av dei viktigaste gravplassane i Jerusalem i tida kring Det andre tempelet.[2] Fleire av desse gravene er nytta i seinare tid, anten som graver, eller som holer for eremittar og munkar i store klostersamfunn, som heldt til i Kidrondalen.[3] Dei gamle gravene i området tiltrekte seg merksemda til gamle reisande, mellom anna Benjamin frå Tudela.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kiron Valley» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: