Kiev-reservoaret
Kiev-reservoaret | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kiev oblast | ||
Tilsig | Dnepr | ||
Utløp | Dnepr | ||
Stad | Kiev (i nord) | ||
- høgd | 99 moh. | ||
- koordinatar | |||
Lengd | 110 km | ||
Areal | 922 km² | ||
Volum | 3,7 m³ | ||
![]() Kiev-reservoaret | |||
Wikimedia Commons: Kyiv Reservoir | |||
Kievreservoaret (ukrainsk Київське водосховище, Kyyivs’ke vodoskhovysjtsje), lokalt Kievsjøen, er eit stort reservoar i Dnepr i Ukraina. Det er kalla opp etter byen Kiev, som ligg i sør, og dekkjer totalt 922 kvadratkilometer i Kiev oblast. Reservoaret vart skapt i 1960-1966, då demninga til Kiev vasskraftverk vart bygd ved Vysjhorod.
Reservoaret er 110 km langt, 12 km breitt og har ei djupne på 4 til 8 meter. Vassvolumet er 3,7 km³ og av dette kan 1,2 km³ nyttast. Reservoaret er i lag med Kakhovkareservoaret, Dneprreservoaret, Dniprodzerzjynskreservoaret, Krementsjukreservoaret og Kanivreservoaret ein vassveg på elva.
Bilete[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kiev Reservoir» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.