Kifl Hares
Kifl Haris | |||
كفل حارس, Kifl Hares, Kefl Harith | |||
kommune | |||
Kifl Hares i 2011
| |||
Namneopphav: Vaktlandsbyen[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Salfit guvernement | ||
Koordinatar | 32°07′07.02″N 35°09′25.02″E / 32.1186167°N 35.1569500°E | ||
Areal | 9 335 km² | ||
Folketal | 3 248 (2007)[2] | ||
Borgarmeister | Ahmad Buziah[3] | ||
Kifl Hares 32°07′07″N 35°09′25″E / 32.118616666667°N 35.15695°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kifl Hares |
Kifl Haris (arabisk كفل حارس) er ein palestinsk landsby nord på Vestbreidda, seks kilometer vest for Salfit og 18 kilometer sør for Nablus i Salfit guvernement, nordvest for den israelske busetjingsbyen Ariel.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det osmanske riket
[endre | endre wikiteksten]I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Kafr Harit oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya under Nablus liwa'. Han hadde eit folketal på 54 hushaldningar, alle muslimar. Dei betalte skatt for tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar, og ein fast sum.[4]
Seint i osmansk tid, i 1870, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, etter å ha vandra gjennom «vakre plantasjar av fiken og oliven». Han estimerte at han hadde 600 innbyggjarar.[5] Guérin kalla staden Kefil Haris. Han nemnte ruinane av eit gammalt klokketårn bygd av store, tilpassa steinar mellom Deir Estia og Kefr Haris. I Kefr Haris fann han to øydelagde marmorsøyler bygde inn i muren av moskéen.[6]
I 1882 vart han skildra som «ein noko liten landsby i høgt lende, med olivenlundar i aust. Han har tre heilage stader, Neby Kifl, Neby Nun og Neby Lusha. [..]»[7]
Palestinamandatet
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1922 hadde Kufr Hares eit folketal på 373, alle muslimar,[8] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 562 personar, framleis alle muslimar, i 130 hus.[9]
I 1945 var folketalet 770 arabarar medan det samla landarealet var 9 393 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 4 117 for plantasjar og irrigert land, 2 131 for cereals,[11] medan 32 mål var klassifisert som utbygde område.[12]
Josvagrava
[endre | endre wikiteksten]I følgje ein samaritansk tradisjon, nedskriven i 1877, ligg gravene til Josva og Kaleb i Kifl Haris.[13]
Den bibelske tradisjonen plasserer gravene til Josva, Kaleb og Nun i Timnath-heres som somme meiner er den noverande plasseringa til Kifl Haris.[treng kjelde] Tusenvis reiser på pilegrimsreise til desse gravene kvart år.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kifl Hares» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 2 Samarie; pt. 2.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Palmer, 1881, s. 230
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.
- ↑ Kommunar[daud lenkje] Nablus Municipality
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 131
- ↑ Guérin, 1875, s. 161
- ↑ Guérin, 1875, s. 161, som omsett av Conder og Kitchener, 1882, s. 324
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 284-285
- ↑ Barron ,1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 25
- ↑ Mills, 1932, s. 61.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 107
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 157
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 218 - 219