Kigoma-regionen
Utsjånad
| Kigoma Mkoa wa Kigoma | |||
| region | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Kigoma | ||
| Areal | 37 040,0 km² | ||
| Folketal | 2 127 930 (2012)[1] | ||
| Tidssone | EAT (UTC+3) | ||
![]() Kigoma-regionen 5°S 30°E / 5°S 30°E | |||
| Wikimedia Commons: Kigoma Region | |||
Kigoma er ein administrativ region i Tanzania. Regionhovudstaden er Kigoma. Regionen grensar til Kagera i nord, Shinyanga og Tabora i aust og Rukwa i sør. I vest har han kyst mot Tanganyikasjøen, som utgjer den tanzanianske grensa mot Den demokratiske republikken Kongo, og i nordvest grensar han til Burundi.
Regionen har eit areal på 45 066 km², der Tanganyikasjøen utgjer 8 029 km². Kigoma er den niande største regionen i landet etter areal. Ved folketeljinga i 2012 hadde regionen eit folketal på 2 127 930 innbyggjarar.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Regionen Kigoma er administrativt delt inn i seks distrikt. Innbyggjartala nedanfor stammar frå folketeljinga i 2012.
| Namn | Innbyggjartal |
|---|---|
| Buhigwe | 254 342 |
| Kakonko | 167 555 |
| Kasulu | 634 038 |
| Kibondo | 261 331 |
| Kigoma | 427 024 |
| Uvinza | 383 640 |
| Totalt | 2 127 930 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kigoma (region)» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juli 2021.

