Kija
Utsjånad
| Kija | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 32 200 km² | ||
| Lengd | 548 km | ||
| Kjelde | Kuznetsk Alatau | ||
| Munning | Tsjulym | ||
![]() Kija 56°51′11″N 86°39′54″E / 56.8531°N 86.665°E | |||
| Wikimedia Commons: Kiya River | |||
Kija (russisk Ки́я) er ei elv i Tomsk og Kemerovo oblast i Russland og ei av sideelvane til Tsjulym frå venstre i nedslagsfeltet til Ob. Elva er 548 km lang og har eit nedslagsfelt på 32 200 km².
Elva spring ut frå fjellkjeda Kuznetsk Alatau og renn nord-nordvestover. Ho munnar ut i Tsjulym rundt 40 kilometer oppfor byen Asino.
Dei viktigaste sideelvane er Tjazjin og Tsjet frå høgre, og Kozjakh og Antibes frå venstre.
Byen Mariinsk ligg ved Kija.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kija» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2008.
