Kikki Danielsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kikki Danielsson
Kikki Danielsson.JPG
Kikki Danielsson
Verkeleg namn Ann-Kristin Danielsson
Alias Kikki Danielsson
Fødd 1952-05-1010. mai 1952
Visseltofta i Sverige
Instrument Trekkspel
Sjanger Country
Danseband
Schlager
Aktive år 1969-
Yrke Songar
Tilknytte artistar Elisabeth Andreassen
Chips
Wizex
Roosarna
Kjell Roos
Lotta Engberg
Kikki, Bettan & Lotta

Kikki Danielsson (fødd 10. mai 1952) er ein svensk songar[1] innan country- og dansebandmusikk. Ho spelar også trekkspel og har verka noko som låtskrivar. Danielsson er også blitt kjend for å jodla i nokre songar, som i «Cowboy Yodel Song», «Rock'n Yodel» og «En tokig sång».

Kikki Danielsson hadde sin største popularitet i Norden frå enden av 1970-talet til enden av 1990-talet.

Ho byrja karrieren som vokalist og forgrunnsfigur i dansebandet Wizex i 1973, ei gruppe ho var med i fram tl 1982. Ho var med i musikkgruppa Chips frå 1979 til 1982. Ho deltok med begge gruppene i Melodifestivalen; i 1982 gjekk Chips sigrande ut og deltok i Eurovision-tevlinga. Songen «Dag efter dag» enda opp på åttandeplass.

Kikki Danielsson byrja som soloartist i 1979, det første soloalbumet frå dette året var Rock'n Yodel. Ho gjorde solodebut ved den svenska Melodifestivalen i 1983 med låten «Varför är kärleken röd?», som kom på andre plats. Ein av hennar mest kjende låtar, «Bra vibrationer» sigra i den svenske Melodifestivalen 1985 og enda på tredjeplass i Eurovision Song Contest i Göteborg same året.

Som artist har Kikki Danielsson vore fleire gonger på Svensktoppen, både med melodifestivalsongane og med andre, som «Papaya Coconut» som var populær i 1987. I 1989 låg ho på Svensktoppen i 17 veker med låten «Lätta dina vingar».

På 1980-talet medverka Danielsson også i radio- og fjernsynsprogram i USA. I 1984 drog ho til Nashville og spelte inn countryalbumet Midnight Sunshine, og blei utnemnd til heidersborgar av byen.[2] I 1986 hadde ho TV-showet Kikki i Nashville.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Rock'n Yodel (1979)
  • Just Like a Woman (1981)
  • Kikki (1982)
  • Varför är kärleken röd? (1983)
  • Singles Bar (1983)
  • Midnight Sunshine (1984)
  • Kikkis 15 bästa låtar (1984)
  • Bra vibrationer (1985)
  • Papaya Coconut (1986)
  • På begäran (1986)
  • Min barndoms jular (1987)
  • Canzone d'Amore (1989)
  • Vägen hem till dej (1991)
  • Jag ska aldrig lämna dig (1993)
  • 100 % Kikki (2001)
  • Fri - En samling (2001)
  • Nu är det advent (2001)
  • I dag & i morgon (2006)
  • Kikkis bästa (2008)
  • Första dagen på resten av mitt liv (2011)
  • Postcard from a Painted Lady (2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kikki Danielsson