Kilevann
Utsjånad
| Kilevann | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Telemark | ||
| Kommune | Skien | ||
| Høgd over havet | 62 moh. | ||
| Areal | 5,23 km² | ||
| Kystlengd1 | 57,94 km | ||
| Koordinatar | 59°8′19″N 9°24′24″E / 59.13861°N 9.40667°E | ||
![]() Kilevann 59°08′19″N 9°24′24″E / 59.1386°N 9.4067°E | |||
| Wikimedia Commons: Kilevann | |||
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Kilevann er ein innsjø som ligg i Skien kommune i Telemark. Innsjøen er ein vesentleg del av det vesle Herrevassdraget som munnar ut ved Herre i Frierfjorden, i Bamble kommune.
Kilevann er meromiktisk, det vil seie at det nedste vasslaget er stilleståande. I dette tilfellet består det av gammalt sjøvatn, truleg frå landhevinga etter siste istid for 8–9 000 år sidan.
Andre meromiktiske innsjøar med gammalt sjøvatn i Noreg er Rørholtfjorden i Tokke, Tronstadvatn, Birkelandsvatn, Salvatnet, Botnvatn, Rørhopvatn og Strandvatn.
Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
