Killarneysjøane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lough Leane

Killarneysjøane er tre innsjøar nær Killarney i County Kerry i Republikken Irland. Dei tre innsjøane er Lough Leane, Muckross Lake (òg kalla Middle Lake) og Upper Lake.

Lough Leane (irsk Loch Léin) tyder Lærdomssjøen og er den største av dei tre. Elva Laune renn frå Lough Leane og nordover mot Killorglin og ut i Dingle Bay.

Innsjøane ligg i ein dal omkrinsa av fjell. Desse fjelle er:

Killarneysjøane sett frå Ladies View

Ladies View er ein stoppestad på vegen N71 frå Killarney til Kenmare som gjev eit flott utsyn over innsjøane og dalane.

Det er mange historiske og religiøse stader med flott natur i området, som stort sett høyrer til Killarney nasjonalpark. Ved breidda til sjøane ligg Ross Castle, Muckross Abbey og Muckross House. I Lough Leane ligg øya Innisfallen.

Ross Island, er ei halvøy på austsida av Lough Leane og har 4000 år gamle kopargruver frå bronsealderen, dei tidlegaste kjende kopargruvene på Dei britiske øyane. Det vart òg drive omfattande gruvedrift i området tidleg på 1800-talet av Herbertfamilien av Muckross House.

Muckrosshalvøya som ligg mellom Lough Leane og Muckross Lake har eit av få barlindskogane i Europa.

Innsjøen er kjend for aurefiske.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]