Killary Harbour

Koordinatar: 53°37′N 9°48′W / 53.617°N 9.800°W / 53.617; -9.800
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Killary Harbour sett frå vegen til Leenaun

Killary Harbour (irsk An Caoláire Rua) er ein fjordIrland. Det er omstridd om han vart danna av ein isbre eller ikkje. Han dannar delvis grensa mellom grevskapa Galway og Mayo. Fjorden er 16 km lang og i midten er han over 45 meter djup.

På nordsida ligg fjellet Mweelrea med ei høgd på 817 meter. Rett over fjorden, på sørsida og nær munningen ligg grenda Rossroe og det tidlegare ungdomsherberget An Óige som ikkje er i bruk lenger. Denne bygningen var ombygd og utbygd og var tidlegare eit ganske så flott hus som vart nytta av Ludwig Wittgenstein, den kjende filosofen, som ein roleg stad for å skrive like etter den andre verdskrigen. Ein plakett til minne om dette vart avdekt av president Mary Robinson i 1993. Jordbruk er ei viktig næring i området og ved Rossroe ligg eit lakseoppdrettsanlegg, medan blåskjelflåtar er vanlegare i aust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Killary Harbour

53°37′N 9°48′W / 53.617°N 9.800°W / 53.617; -9.800