Kilsfjorden i Møre og Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kilsfjorden eller Kilspollen er ein fjordarm av Voldsfjorden i Volda kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Han har ein poll som strekkjer seg nesten 3 km sørvestover frå det smale innløpet ved Straumshamn, der riksvegen kryssar fjorden. På andre sida av innløpet ligg Botnavika. Inst i pollen ligg matrikkelgarden Kile Vestsida av fjorden er høg og bratt og stig jamt opp til Grøthornet på 1012 meter over havet. Langs austsida av fjorden går Riksveg 651 mellom Nordfjordeid og Volda.[1] Elevane frå Kilsfjord går på Folkestad skule .

I grannebygda Bjørkedal har det vorte bygd skip og båtar sidan mellomalderen. Båtane har vorte frakta til kilsfjorden og sjøsette der. Bøndene Ved Kilsfjorden har og vore båtbyggjarar. Ved Kilsfjorden kan ein sjå fleire store jettegryte. Den gamle hovudvegen frå Naustdal i Nordfjord over Bjørkedalseidet til Kile, er frå 1700 talet. På høgda mellom Bjørkedalsvatnet og Kilsfjorden stod det eit gammalt steinkross, Kilskrossen, som vart teken av eit snøras på 1700-talet. Ungdomen i Kilsfjorden og Bjørkedalen reiste ein ny kross i 1914.

Kilsfjord kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1974. Ho er ein del av Den norske Kyrkja og høyrer til Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedøme. Kyrkja er bygd i betong og har har plass til 200. Ved kyrkja er òg det er ein kyrkjegård. Alf Apalseth var arkitekten bak dette bygget.

Natur og geografi[endre | endre wikiteksten]

Matrikkelgardar ved Kilsfjorden/Kilspollen[endre | endre wikiteksten]

Mek , Årvika , Straume, Kile, Søvika, Fylsvika, Storebotnen, Lisjebotnen , Bjørneset

Fjell ved Kilsfjorden[endre | endre wikiteksten]

Bjørnasethornet (735 moh), Keipen (916 moh), Bytingstind (1260 moh), Trollvasstinden (1285 moh), Matøskja (1332 moh)

Sætrar i området[endre | endre wikiteksten]

Meeksetra , Brundalen, Straumssetra

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kilsfjorden på Norgeskart.no fra Statens kartverk

62°4′16.813″N 6°4′42.704″E / 62.07133694°N 6.07852889°E / 62.07133694; 6.07852889