Kim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Kim (fleirtyding)
Kim Thayil og Kim Warnick, amerikansk mannleg og kvinneleg musikar med førenamnet Kim.

Kim er eit namn som har fleire ulike opphav og bruksområde. Det kan vera eit asiatisk slektsnamn og eit vestleg kortnamn brukt av både menn og kvinner.

Kim har namnedag den 20. mars i Noreg og Sverige.

Slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Kim kan vera eit koreansk og vietnamesisk slektsnamn som stammer frå kinesisk Jin og betyr 'gull'. Det koreanske slektsnamnet 김 hadde tidlegare transkripsjonen Kim og seinare Gim. Dette namnet er det vanlegaste i Sør-Korea, der 10 millionar menneske, eller 22 %, av innbyggjarane, bar namnet i 2000. Namnet er også vanleg blant koreanske utvandrarar og etterkomarane deira.

Kim kan òg vera eit vietnamesisk kvinnenamn.

Kortnamn[endre | endre wikiteksten]

Kim kan vera ei skandinavisk kortform av Joakim og er då eit mannsnamn.

Det kan vera ei engelsk kortform av namn som Kimball, Kimberley og andre namn som byrjar med Kim-. Kortnamnet kan, som dei lengre namna, brukast av begge kjønn.

Namnet er kjend frå boka Kim av Rudyard Kipling, som har gjeve opphav til minneøvinga Kims leik.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Historisk utvikling av populariteten til namnet Kim i Noreg.[1][2]

Kim tok til å brukast som døypenamn i USA på 1930-talet for gutar, frå 1940-talet for jenter. På 1950-talet steig bruken for jenter til opptil 0,6 %, medan bruken for gutar sokk.

Kim var eit populært namn for gutar fødd i Noreg på 1980-talet.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sørkoreanske Kim Dae-jung.

Slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Mannsnamn[endre | endre wikiteksten]

Kvinnenamn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå.  Statistikk for navn i Norge
  2. «Digitalarkivet». Arkivverket.  Folketellinger i Norge