Kim Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kim Collins
Kim Collins Berlin 2009-2.jpg
Fødd 5. april 1976
Saint Kitts
Kim Collins på Commons

Kim Collins (fødd 5. april 1976) er ein friidrettsutøvar frå St. Kitts og Nevis. Han vart i 2003 verdsmeister på 100 meter og fekk elles med seg fire VM-bronsar frå ulike sprintøvingar i tida 2001-11.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Collins meisterskapsdebuterte i OL 1996, der han nådde kvartfinalane på 100 meter. Fire år seinare vart han i Sydney den fyrste frå St. Kitts og Nevis som kvalifiserte seg til ein olympisk finale. Han enda ved det høvet som sjuandemann på 100-meteren. Året etter vann Collins som den fyrste frå St. Kitts og Nevis ein VM-medalje då han i Edmonton delte tredjeplassen på 200 meter med Shawn Crawford frå USA, dei fekk begge sluttida 20,20 sekundar, nett same tid som sølvvinnaren, jamaicanaren Christopher Williams. I 2002 vann Collins 100 meter-finalen i samveldeleikane på nasjonal rekord 9,98 sekundar.

100-metersløpet under verdsmeisterskapen 2003 vart den store stunda for Collins. Etter eit jamnt løp kneip han gullmedaljen på 10,07 sekund, eitt hundredels sekund framom dei to andre medaljevinnarane, Darrel Brown frå Trinidad og Tobago og briten Darren Campbell. Collins var då den fyrste verdsmeisteren nokonsinne frå Saint Kitts og Nevis.

I verdsmeisterskapen 2005 tok Collins bronsemedaljen på 100 m, einast Justin Gatlin og jamaicanaren Michael Frater sprang fortare. Seks år seinare overraska Collins ved å vinne ein ny VM-bronse på 100 meter. Etter at Usain Bolt frå Jamaica i Daegu var diskvalifisert frå sprintfinalen og landsmannen Yohan Blake vann ein suveren siger, tok Walter Dix frå USA sølvet framfor nasen på Collins. Sju dagar seinare kom ei ny overrasking då St. Kitts og Nevis sprang inn til bronsemedalje i 4 x 100 m stafett, 0,01 sekund framfor Polens mannskap, i ei tevling der Jamaica sette verdsrekord og både USA og Storbritannia braut av løpet.

40 år gammal sette Collins sette personleg rekord på 100 meter då han under særleg gunstige vindtilhøve i tyske Bottrop vart klokka inn på 9,93 sekundar den 29. mai 2016. På 200 m er hans personbeste 20,20 sekundar, prestert i VM 2001.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,34 =nr 27)
  • VM 1997 i Aten: Braut forsøket på 100 m
  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i forsøket på 100 (10,50 =nr 46)
  • OL 2000 i Sydney: Nr 7 på 100 m – 10,17, utslått i semifinalane på 200 m (20,57 =nr 11)
  • VM 2001 i Edmonton: Bronse på 200 m – 20,20, nr 5 på 100 – 10,07
  • VM 2003 i Paris: Gullmedalje på 100 m – 10,07, framom Darrel Brown (10,08)
  • OL 2004 i Aten: Nr 6 på 100 m – 10,00
  • VM 2005 i Helsinki: Bronsemedalje på 100 m – 10,05
  • VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane på 100 m (10,21 =nr 11)
  • OL 2008 i Beijing: Nr 6 på 200 m – 20,59, utslått i semifinalane på 100 m (10,05 =nr 9)
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,20 =nr 19) og 200 m (20,84 =nr 22)
  • VM 2011 i Daegu: Bronse på 100 m – 10,09 og i 4 x100 m stafett (38,49), utslått i semifinalane på 200 m (20,64 =nr 11)
  • VM 2015 i Beijing: Utslått i forsøka på 100 m (10,16 =nr 26)
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i semifinalane på 100 m (10,12 =nr 17)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]