Kim Friele
Kim Friele | |
![]() | |
Fødd | 27. mai 1935 Fana |
Yrke | skribent |
Ektefelle | Wenche Lowzow |
Kim Friele på Commons |
Karen-Christine Friele, kjend som Kim Friele (fødd 27. mai 1935 i Fana i Bergen) er ein norsk forfattar og aktivist som gjennom mange år har arbeidd for homofile sine rettar.
Innhaldsliste
Liv og verksemd[endre | endre wikiteksten]
Friele studerte språk ved mellom anna University of Cambridge, og jobba frå 1958 til 1971 som sekretær ved Opplysningskontoret for forsikring i Oslo. 8. august 1959 gifta ho seg med advokat Ole Friele jr.. Dei vart skilt i 1961.
I Oslo vart Friele ein del av det den gong svært lukka homoorganisasjonen Det norske forbundet av 1948, der ho var leiar i perioden 1966-1971, og tilsett som generalsekretær fram til 1989. Frieles arbeid var sterkt medverkande til at straffeloven § 213 som kriminaliserte homoseksuelle handlingar mellom menn, vart oppheva i 1972, at «homofili» vart fjerna som psykiatrisk diagnose i 1978, og at Noreg i 1981 utvida straffelovens paragrafer mot rasisme (§§ 135a og 349a) til også å gjelde diskriminering i samband med seksuell legning.
Då Noreg i 1993 innførte ei lovgivning som regulerte registrert partnarskap for personar av same kjønn, var Friele og partnaren hennar gjennom mange år, Wenche Lowzow, eit av de første para som inngjekk partnarskap.
Kunst og heider[endre | endre wikiteksten]
22. juni 2005, i samband med Europride-festivalen, vart ein byste av ho avduka på Rådhusplassen i Oslo. Bysta er laget av bilethoggaren Nina Sundby, og er plassert inne på Deichmanske bibliotek.
Kim Friele vart 28. mars 2008 utnemnt til æresmedlem i Arbeidarpartiet. Friele mottok Fritt Ord-prisen i 1978, med grunngjevinga «for innsatsen hennar for å skape forståing for dei homofile sin situasjon». I 2009 hevda ho at ho vil levere prisen attende i protest mot at filosofen Nina Karin Monsen vart tildelt Fritt Ord-prisen same året, og omtalte prispengane som «judaspengane».[1]
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Homofili (1972)
- Fra undertrykkelse til opprør. Om å være homofil – og være glad for det (1975)
- Homofil frigjøring – ditt ansvar (1980)
- De forsvant bare … Fragmenter av homofiles historie (1985)
- Troll skal temmes (1990)
- Fangene med rosa trekant – aldri mer? Et femtiårsminne (1995)
Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
- 1978 – Fritt Ord-prisen (Friele hevda i 2009 at ho vil levere prisen attende)
- 1989 – utnemnt til statsstipendiat
- 1994 – Homobevegelsens Ærespris
- 1999 – Humanistprisen
- 2000 – Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden
- 2005 – Delt fjerdeplass i kåringa av Århundrets nordmann
- 2008 – Æresmedlem i Arbeidarpartiet
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Karen-Christine Friele» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mai 2009.
.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Ingen andre prisvinnere støtter Friele. Dagbladet 25.04.09.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- nrk.no biografi i høve Århundrets nordmann
- dagbladet.no artikkel
- Nett-Radio (dokumetar om Friele på NRK, 2005)
- Nett-TV (intervju med Friele i programmet Først & sist den 16. desember 2005)
- homonettverket.no Homohistorisk oversikt, skrive av Friele