Kim Småge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kim Småge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juni 1945 (78 år)
Trondheim
Yrke romanforfattar, skribent, barnebokforfattar

Kim Småge (fødd 23. juni 1945 i Trondheim), eigentleg namn Anne Karin Thorshus, er ein norsk forfattar, frilansjournalist og tekstforfattar. Ho er utdanna cand.mag. ved Universitetet i Trondheim med faga norsk, engelsk og geografi. Ho er òg utdanna instruktør i Norges Dykkeforbund. Debuterte som forfattar under namnet Kim Småge i 1983. Småge var den første i Noreg som vart omtala som «krimdronning», og ho vert rekna som ein av grunnleggjarane for den feministiske krimbølgja i Noreg.

Gjennomgangsfigur i mange av kriminalromanane hennar er politibetjent Anne-Kin Halvorsen. Bøkene refererer ofte til eit felles univers rundt Trondheim politikammer som Småge deler med forfattarane Fredrik Skagen, Idar Lind og Anne Birkefeldt Ragde.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • NattdykkKriminalroman (1983)
  • Origo – Kriminalroman (1984)
  • Kainan – Kriminalroman(1986)
  • FigureneUngdomsbok (1986)
  • Interrail – Ungdomsbok (1988)
  • Lex LoveRoman (1991)
  • Kvinnens lange armNoveller (1992)
  • Sub rosa – Kriminalroman (1993)
  • En kjernesunn død – Kriminalroman (1995)
  • Containerkvinnen – Kriminalroman (1997)
  • MedaljenLettlestbok for psykisk utviklingshemma (1997)
  • Koksbiter og trollsplint – Roman (1999)
  • Solefall – Kriminalroman (2002)
  • Dobbeltmann – Kriminalroman (2004)
  • Dameroman m/menn – Dameroman (2016)

Prisar[endre | endre wikiteksten]