Kimmeridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kimmeridge
landsby
Land  England
Kart
Kimmeridge
50°37′1″ N 2°7′5″ W
Wikimedia Commons: Kimmeridge
Utsyn over Kimmeridge Bay.
Flatene i Kimmeridge Bay.
Utsyn over dei mjuke skiferklippene og dei harde dolomittklippene i Kimmeridge Bay.
Skiferklipper ved Kimmeridge.
Fossilar av ammonittar i berget på stranda ved Kimmeridge.

Kimmeridge er ein liten landsby i Purbeck i Dorset i England, ved kysten av Den engelske kanalen. Landsbyen har kring 110 innbyggjarar (2001). [1]

Landsbyen ligg på skiferklippene frå juratida og har gjeve namn til alderen kimmeridgium i juratida, då dette laget vart lagt ne. Klippene er ein del av verdsarvstaden Jurassic Coast. Vitjingssenteret for Jurassic Coast ligg i Kimmeridge.

Bukta er òg typelokaliteten for kimmeridgeleire frå juratida, som ein finn fleire stader i Sør-England og som er ein av kjeldebergartane for hydrokarbonar i Wessex- og Nordsjøbassenga.

Under klippene finn ein ei stor abrasjonsflate (kalla The Flats). Kysten ved Kimmeridge er uvanleg varm og ein perfekt stad for å studere tang og tare og andre organismar.

På klippa i vest står ei oljepumpe eigd av BP. Ho har pumpa kontinuerleg sidan seint i 1950-åra og er dermed den eldste oljepumpa i Storbritannia som framleis er i drift. Det vert produsert kring 65 tønner olje kvar dag[2] frå eit lag som ligg 350 meter under klippa.[3]

Like aust for Kimmeridge Bay (oppfor Hen Cliff) står ein folly kalla Clavell Tower som inspirerte P.D. James til å skrive romanen The Black Tower. Då tårnet stod i fare for å rase utfor klippa som gradvis vert erodert bort, vart tårnet flytta 35 meter lenger bort frå klippekanten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°35′34.2″N 2°03′50.6″W