Kineseri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei porselensmugge frå Wien (1799), dekorert for å minna om kinesisk lakkarbeid, og med kinesiske motiv.

Kineseri eller chinoiserie er ei stilform innan europeisk kunst. Ho braut gjennom på 1600-talet, og var prega av etterlikning av kinesisk kunst, ofte nokså fantasifullt slik at avstanden mellom det europeiske kinabilde og realitetane i dag er nokså merkbare for kjennarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kineseri av François Boucher

Kineseri blei ein del av det europeiske kunstrepertoiret i den seinare delen av 1600-talet. Jesuittpateren Athanasius Kircher sine orientalske studium var viktige som inspirasjonskjelde. Populariteten til forma toppa seg midt på 1700-talet, då ho blei tilpassa rammene til rokokkoen av François Boucher. Stilen gjekk av moten då neoklassisismen vann gjennom.

Kineseri fanst ikkje berre i europeisk dekorativ kunst, men òg i arkitekturen.

Kinesisk porselen[endre | endre wikiteksten]

Kew Gardens-pagoden i Royal Botanic Gardens i Kew i London

Frå renessansen og fram til 1700-talet freista europeiske kunstnarar å klara å nå opp det raffinementet i porselensarbeida sine som ein såg i kinesisk porselen, men lukkast berre delvis. Direkte imitasjon av kinesiske design i fajanse tok til seint på 1600-talet. Det var særleg synleg i tevarer, og toppa seg i ei bølgje av rokokkokineseri (ca. 1740-1770).

Dei første hinta av porselenskineseri hadde dukka opp tidleg på 1600-talet i dei landa som hadde særleg organiserte handelskompani for handelen med Orienten; Holland og England, og noko seinare òg i Portugal. Tinnglasert keramikk frå Delft og andre nederlandske byar tok etter mønster frå Ming-dynastiet. Etter at Johan Nieuhof gav ut ei bok med 150 illustrasjonar i kineserisjangeren tok det heile fart. Fleire porselensprodusentar følgde etter, til dømes i Meissen.

Interiørdekorasjon[endre | endre wikiteksten]

Veggtapet handmåla med kineseriornamenteringar, frå museet Geelvinck-Hinlopen Huis

Ei rekkje europeiske monarkar, som kong Ludvig XV av Frankrike, var særleg positiv til kineseri, sidan han stod vel seg til den europeiske rokokkostilen. Heile rom, til dømes i Château de Chantilly, blei måla med kineierikomposisjonar, og kunstnarar som Antoine Watteau vigde seg til stilarten. Lystpaviljongar av kinesisk type dukka opp i formelle parterrar i palass bygde i seinbarokk- eller rokokkostil i Tyskland og Russland, og i flisepanel i Aranjuez nær Madrid. Det blei bygd heile kinesiske landsbyar på Drottningholm i Sverige og i Tsarskoje Selo i Russland. Thomas Chippendale laga tebord og porselensskap av mahogni utsmykka med kineseri ca. 1753–70. Stilelement frå det tidlege Qing-dynastiet kom til, og det blei også funne måtar å nytta impulsar frå stilartane til Tang-dynastiet.

Noko av det som blei oppfatta som kinesiske impulsar, var i røyndomen inspirasjonar frå Japan.

Kineseri blei òg populære i norsk folkekunst på 1700- og tidleg 1800-tal. Ikkje minst i Nord-Gudbrandsdalen finst mange døme på det, der målaren Per Veggum laga mange slike motiv.

Arkitektur og hageanlegg[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk hus i Potsdam.

Små pagodar dukka opp som pipehus eller i stor storleik i hageanlegg. Dei kongelege hagane i Kew har ein storslagen hagepagode teikna av arkitekten Sir William Chambers, og ein kopi av denne blei bygd Englischer Garten i München.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Den kinesiske landsbyen i Tsarskoje Selo, bygd på oppdrag av Katarina den store.
Litteratur
  • Emily Eerdmans: «The International Court Style: William & Mary and Queen Anne: 1689-1714, The Call of the Orient». I Classic English Design and Antiques: Period Styles and Furniture; The Hyde Park Antiques Collection. New York: Rizzoli International Publications, 2006 s. 22–25. ISBN 978-0-8478-2863-0.
  • Gu Zhengxiang: «Zum China-Bild des Zedlerschen Lexikons: Bibliographie der in seinen China-Artikeln besprochenen oder als Quellen genannten Werke». I: Stuttgarter Arbeiten zur Germanistik, Nr. 423. Stuttgart: Verlag Hans-Dieter Heinz, Akademischer Verlag 2004 [2005], s. 477-506. ISBN 3-88099-428-5.
  • Alain Gruber: Chinoiserie : der Einfluss Chinas auf die europäische Kunst, 17.-19.Jahrhundert – Ausstellung; Riggisberg, 6. Mai – 28. Oktober 1984 – Bern : Abegg Stiftung Bern, 1984.
  • Johannes Franz Hallinger: Das Ende der Chinoiserie : die Auflösung eines Phänomens der Kunst in der Zeit der Aufklärung, München : Scaneg, cop. 1996. (Beiträge zur Kunstwissenschaft ; Band 66)
  • Hugh Honour: Chinoiserie: The Vision of Cathay, London: John Murray, 1961
  • Martin Woesler: Zwischen Exotismus, Sinozentrismus und Chinoiserie, Européerie. 3. Aufl., überarb. und erw. Neuaufl. Bochum : Europäischer Universitäts-Verlag 2006 (Scripta Sinica, Bd. 6). ISBN 978-3-89966-107-1 / ISBN 3-89966-107-9
Nettstader