Kinesisk kursiv stil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kursiv stil (til høgre) samanlikna med kinesisk normalstil (til venstre).
Eit verk i kursiv stil utført av meisteren Huaisu.

Kursiv stil eller graskrift (forenkla kinesisk 草书, tradisjonell kinesisk 草書, pinyin cǎoshū) er ein kursiv stil av kinesisk kalligrafi og ein av dei fem grunnstilane.

Kursiv stil er raskast å skriva samanlikna med andre kinesiske kalligrafistilar. Dette er fordi teikna er forenkla og kvar strek kontinuerleg er lenkja til ein annan, slik at kvart skriftteikn blir skrive med eit einaste pennestrøk uten at penselen mistar kontakt med papiret.[1][2]

Den utbreidde nemninga på skriftstilen, grasskrift, kjem av at teiknet 草 normalt tyder gras. Det har òg ei alternativ tyding som handskrift, manuskript, utkast eller skisse, som er den rette tydinga i denne samanhengen.[3]

Stilen utvikla seg under Han-dynastiet (206 f.Kr.–220), då det byrja å bli vanleg å skriva med pensel og blekk. Seinare kom det òg til ein løpande stil, begge utvikla frå normalstilen og frå kansellispråket som tek betydeleg meir tid å skriva.[4][5][1] På slutten av 100-talet hadde den kursive stilen modna. Den kanskje mest kjende meisteren som utøvde kursiv stil er Zhang Zhi (d. 192) som var pioner i stilen, og blir kalla «helgenen for kursiv stil» (草聖). Under Tang-dynastiet (618–907) blei den kursive stilen utvikla vidare til å bli meir kraftfull og uhemma.[6] Nokre framifrå utøvarar av denne nyare kursive stile var Huaisu (737–799) og Zhang Xu, som var dei største utøvarane under dette dynastiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Anderson VT10
  2. «CURSIVE SCRIPT» (på engelsk). Ponte Ryuurui and Mariusz Szmerdt. Henta 20. mai 2016.  Arkivert 2016-05-12 ved Wayback Machine.
  3. «Sökord "草"» (på engelsk). Word dictionary. Henta 20. mai 2016. 
  4. Lindqvist 1989, s. 22
  5. Berglund 1974, s. 13
  6. «Cursive Script» (på engelsk). Cultural China. Arkivert frå originalen 11. april 2016. Henta 20. mai 2016.  Arkivert 2016-04-11 ved Wayback Machine.