Hopp til innhald

Kinesjma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinesjma
Кинешма
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Ivanovo oblast
Høgd 110 m
Areal 50 km²
Folketal 77 694 (2021)
Først nemnt i 1429
   Bystatus 1777
Postnummer 155800–155819
Retningsnummer (+7) 49331
Kart
Kinesjma
57°27′N 42°09′E / 57.45°N 42.15°E / 57.45; 42.15
Wikimedia Commons: Kineshma

Kinesjma (russisk Кинешма) er den nest største byen i Ivanovo oblast i Russland med om lag 80 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 90 km nordaust for Ivanovo og strekkjer seg over 15 kilometer langs Volga.

Kinesjma vart første gong nemnt som ein posad i 1429. I 1504 gav Ivan III han til fyrst Fjodor Belskij, som flykta til Moskva frå Litauen og gifta seg med niesa til Ivan. Seinare gav Ivan den grufulle Kinesjma til Ivan Sjuiskij, men etter sistnemnte døydde vart han returnert til tsaren i 1587. På 15- og 1600-talet var Kinesjma eit viktig fiskerisenter, som leverte stør til tsaren. I 1608 vart byen plyndra to gonger av polakkane. Frå 1700-talet har hovudindustrien i byen vore framstilling av tekstilar.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste landemerket i Kinesjma er Treeiningskatedralen, bygt i 18381845 i ein typisk nyklassisistisk arkitektur. Det er òg fleire 1700-talskyrkjer i byen.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Kinesjma