King Country

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om det amerikanske distriktet i staten Washington. For King County i Washington, sjå King Country (fleirtyding).
King Country
Land  New Zealand
Kart
King Country
38°40′00″S 175°10′00″E / 38.666666666667°S 175.16666666667°E / -38.666666666667; 175.16666666667
Wikimedia Commons: King Country

King Country (maori Te Rohe Pōtae eller Rohe Pōtae o Maniapoto) er eit område vest på NordøyaNew Zealand. Det strekkjer seg frå Kawhia Harbour og byen Otorohanga nord for dei øvre armane til elva Whanganui River i sør, og frå Hauhungaroa og Rangitoto Ranges i aust, og nærmar seg Tasmanhavet i vest. Landskapet er åslendt, og store delar er skogkledde.

Nemninga «King Country» stammar frå New Zealand-krigane1860-talet då kolonistyrkar invaderte Waikato, og maori-styrkar frå rørsla King Movement drog seg attende mot sør.

Styresett[endre | endre wikiteksten]

King Country er i seg sjølv ikkje eit avgrensa lokalstyrt område. Det ligg i to lokalstyrte regionar, Waikato og Manawatu-Wanganui, og inneheld heile eller delar av fire distrikt: Otorohanga, Ruapehu, Taupo og Waitomo.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

King Country består for mestedelen av eit kollete landskap, her ligg høgdedraga Rangitoto og Hauhungaroa Ranges. I området finst også utbreidde karstområde som har danna kjennemerke som Waitomo Caves (Waitomogrottene).

Området er for det meste landleg og spreidd busett, utan byar eller større busetnadar. Dei viktigaste busetnadane er dei landlege tenestesentra Te Kuiti i nord og Taumarunui i sør.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Det meste av inntektene i området kjem frå landbruk, særskilt beitedyr, og skogbruk, og tenesteyting til desse verksemdene. Der er somme område av interesse for turistar, som til dømes Waitomo. I King Country finst òg verna område, mest kjend kanskje Pureora Forest Park, som var setet for ein miljøkonflikt sist på 1970-talet.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før europearane kom til området, var det busett av ulike maori-iwiar. Dei største av desse var Ngati Maniapoto, Ngati Tama og Ngati Tuwharetoa. Under New Zealand-krigane invaderte troppar frå Storbritannia og koloniane Waikato. Maorirørsla, King Movement, leia av maorikongen King Tawhiao, drog seg attende sørover frå Waikato, og slo seg til slutt ned i King Country og gav området Pākehānamnet.

På denne tida kom også maorinamnet på området, Rohepotae, i bruk. Dette namnet kan omsetjast med «Landet under hatten», og det vert sagt at det oppstod då Tawhiao la den kvite flosshatten sin på eit stort kart over Nordøya og kunngjorde at alt landet som var dekt av hatten, låg under hans «mana» eller herredøme.

I etterkant av invasjonen var kolonistyresmaktene — som hadde konfiskert mykje av den beste jorda i det grøderike Waikatodalføret — nøgde med å la King Movement i fred. King Country, fjellendt og fattegsleg, var ikkje ei særleg attraktiv erobring, og tanken på å kjempa mot heller dyktige māorikrigarar i eit fjellendt område med lange og stadig tynnare forsyningslinjer frå Auckland, kan ikkje ha virka tiltalande på dei britiske militære leiarane. Tawhiao og tilhengjarane hans var i stand til å danna ei slags «eksilregjering», og ein tilfluktsstad for opposisjonelle māoriar i meir enn eit tiår.

Til slutt, i 1881, gav Tawhiao seg, og King Movement la ned våpna. I 1883, etter vellukka forhandlingar mellom styresmaktene og maorileiarane Wahanui, Rewi og Taonui, vart King Country gjort tilgjengeleg for europearar og opna for kartlegging, oppmåling og vegbygging, men det vart lagt ned eit forbod mot alkohol i området (og dette varte til 1953).[2]

På denne tida byrja kolonistyresmaktene å planleggja ein jarnveg frå Auckland til Wellington, sende oppmålarar inn i King Country for å finna ei høveleg rute. Bygginga av jarnvegslinja tok til i 1885 og var ferdig i 1908. Fullføringa av jarnvegen førte til ei stor betring av transport og kommunikasjon i King Country og fremja busetnad og landbruk i området, og verka også til framvoksteren av stasjonsbyar, som til dømes Taumarunui.

Gjennom 1900-talet var livet i King Country for det meste utan store hendingar, som det var for mange andre området på landsbygda på New Zealand.

Turismen har hatt framgang i samband med oppdaginga av grottesystem, som dei ved Waitomo.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (2006). Rough Guide to New Zealand. New York - London - Delhi: Rough Guides. s. 274. ISBN 1-84353-679-X. 
  2. http://www.teara.govt.nz/NewZealanders/MaoriNewZealanders/NgatiManiapoto/4/en

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]