King County i Washington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byen Bellevue i King County, med midtbyen i Seattle i bakgrunnen

King County er eit fylke vest i den USA-amerikanske delstaten Washington. Fylket vart grunnlagt i 1852 og dekker ei flatevidd på 5 980 km². Fylket vert styrt frå storbyen Seattle.

Eit overslag over folkemengda i 2020 rekna med om lag 2,27 millionar ibuarar i King County. Folketeljinga 2010 fann at 17,1 % av ibuarane var av tysk, 11,6 % av engelsk, 11,1 % av irsk og 5,5 % av norsk opphav.

King County er eitt av tre fylke i delstaten Washington som dannar storbyområdet Seattle–Tacoma–Bellevue. Snohomish County nordom og Pierce County sørom, er dei to andre fylka. Om lag 2/3 av ibuarane i King County bur i forstadane til Seattle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: King County i Washington