Kinglassie
Utsjånad
| Kinglassie | |||
| Cille MoGhlasaidh | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Fife | ||
| Folketal | 1 900 (2016) | ||
![]() Kinglassie 56°10′00″N 3°14′00″W / 56.166666666667°N 3.2333333333333°W | |||
| Wikimedia Commons: Kinglassie | |||
Kinglassie (skotsk-gælisk Cille MoGhlasaidh) er ein landsby i regionen Fife i Skottland. Han har kring 2 000 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd ved ei gruve utanfor Glenrothes. Ho stengte i 1967, og den opne gruva ved Westfield er enno rekna som det største menneskeskapte holet i Europa av lokale folk.
Vernehelgenen til Kinglassie er Glastian (død ca. 830), som mekla mellom skutar og piktarar. Dogton stone frå kring 800 vert rekna for å vere eit minnesmerke over eit slag mellom skutar og piktarar som vart utkjempa på staden.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Westfield-gruva i 1998.
- Vatn danna i Westfield-gruva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kinglassie» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2011.
