Kingston Parish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kingston Parish
fylke
Land Flag of Jamaica.svg Jamaica
Region Surrey
Hovudstad Kingston
Areal 25 km²
Folketal 89 057 (2011[1])
Kingston in Jamaica (special marker).svg

Kingston Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica. Det er det minste fylket på øya, og omfattar berre delar av hovudstaden Kingston.

Fylket ligg ved sørkysten, noko aust av øya. Det grenser til Saint Andrew Parish på alle sider, men har kyst mot det karibiske havet i sør. Dei to fylka dannar saman Kingston and St. Andrew Corporation.[2]

Kingston Parish er 25 km² stort, og hadde eit folketal på 89 057 ved folketeljinga i 2011. Storbyområdet Kingston hadde til motsats 662 426 innbyggjarar.[1]

I fylket finn ein Kingston sentrum og områda Tivoli Gardens, Denham Town, Rae Town, Kingston Gardens, National Heroes Park, Bournemouth Gardens, Norman Gardens, Rennock Lodge, Springfield og Port Royal, i tillegg til delar av Rollington Town, Franklyn Town og Allman Town.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Population usually resident in Jamaica. by parish":2011». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015. 
  2. KSAC History
  3. «Electoral Commission of Jamaica». 
  4. «University of Texas, Perry-Castañeda Library Map Collection».