Kinsarvik-Utne-Kvanndal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°25′52″N 6°38′22″E

M/F «Tysnes» og M/F «Hardingen» ved Utne.
Foto: Siri
Ferjekaien i Kinsarvik. Biloppstillingsplassen ligg utanfor biletkanten til høgre.
Foto: Ed Fenton.
M/F «Folgefonn», fyrste ferja som gjekk i ruta. Her fotografert ved Hufthamar i Austevoll i 1978.
Foto: Harald Sætre

Kinsarvik-Utne-Kvanndal er eit ferjesamband over Hardangerfjorden i indre Hardanger. Sambandet går mellom Kinsarvik på austsida av fjorden, UtneFolgefonnhalvøya og Kvanndal på vestsida av fjorden. Det gjev samband mellom Fylkesveg 7, Riksveg 13 og Riksveg 550, og mellom Ullensvang og Granvin herad. Strekkja Kvanndal-Utne er òg del av Riksveg 550. Overfarten mellom Kinsarvik og Utne varer 25 minutt, medan det tek 20 minutt mellom Utne og Kvanndal. Det er trafikkselskapet Norled som driv ruta.

Det fyrste bilferjesambandet over indre delen av Hardangerfjorden opna 2. juni 1938. Då gjekk ferja mellom Ålvik i Kvam herad og Kinsarvik. Det vart bygd ferjekai til sambandet i Kinsarvik i 1938, like ved Skiparstò, restane etter naustet til leidangsskipet til Kinsarvik-leidangen. Snart etter vart det bygd provisorisk ferjekai på Utne slik at reisande til og frå Folgefonnhalvøya òg kunne nytte ferja. Ruta var driven av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap og det var tinga eiga, nybygd ferje, M/F «Folgefonn», til ruta.

Då ferjesambandet opna var det eit monaleg framsteg for bilsambandet mellom Bergen med omland og Austlandet. Det hadde vore frakta bilar og bussar over fjorden tidlegare, men då på dekket på fjordabåtar som M/S Tyssedal, M/S «Granvin» og andre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1929 starta den første ferjetrafikken langs Hardangerfjorden mellom Ringøy i Ullensvang og Eidfjord med innleigde motorbåtar. I 1930 fekk Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) levert MK «Kinsarvik», ein kombinert fraktebåt og bilferje. Det var plass til nokre bilar på dekk, tvers over lastelukene. Då det vart oppretta vegsamband mellom Bergen og Kvam i 1932, vart ferjeruta forlenga til Norheimsund og lastebåten MS «Tyssedal» sett inn i ruta. Frå 1936 gjekk den privateigde kutteren MK «Jondal» i konkurransefart mellom Norheimsund og Kinsarvik, noko som gav dårleg økonomi i ferjeruta for HSD. Dette gjekk føre seg til 1937 då det vart innført konsesjonskrav for å drive passasjer- og biltransport på sjøen.

Fyksesund bru opna i 1937 med veg vidare til industristaden Ålvik. Med ny ferjekai vart endepunktet flyttet hit og ferjeruta vart slik halvert frå ca. 20 nm til 10 nm. 1938 var eit merkeår, då fekk HSD levert MF «Folgefonn» frå BMV, den første verkelege bilferja med på-/avkjøring forut og akter. Og med ny ferjekai i Kinsarvik vart det første bilferjesambandet over Hardangerfjorden etablert mellom Kinsarvik-Ålvik frå 2. juni 1938. Det var òg sterke krav frå Folgefonnhalvøya om ferjestopp på Utne, men dette dette let seg foreløpig ikkje gjere på grunn av kaitilhøva der.

I åra før krigen var det berre sommardrift for «Folgefonn» i rutene på fjorden, men etter eit opphald i rutefarta i samband med krigsutbrotet i 1940 kom ferja i fast heilårsdrift frå hausten 1940. Då var vegen vidare til Kvanndal ferdig og ferjesambandet korta ned til til Kvanndal-Kinsarvik, ca 7 nm. Frå 1941 fekk Utne rutebåtstopp, og fekk i 1945 ein provisorisk ferjekai der bilane vart køyrt ombord på «Folgefonn» gjennom sideporter. «Folgefonn» gjekk i ruta Kvanndal-Utne-Kinsarvik frem til juni 1953 då ho vart avløyst av MF «Hardangerfjord», også den levert frå BMV.

Frå 1963 til 1968 gjekk MF «Kinsarvik» i ruta.

Ferjer og båtar i ruta[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]