Kinsarvik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°22′35″N 6°43′19″E

Kinsarvik kyrkje
kyrkje
Kinsarvik Church.jpg
Roar Johansen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Kinsarvik
Fellesråd Ullensvang
Stad Kinsarvik 
Teknikk Kistemur
Material Naturstein og kalk
Innvigd Ukjend, bygd 1150–60-åra
 - Endringar Påbygd kor på 1200-talet, galleri 1641–68.
Preikestol Måla av Petrus Reimers i 1609
Døypefont I kleberstein, udatert.
Altartavle Frå 1690
Sitjeplassar 240
Wikimedia Commons: Kinsarvik Church
Mot koropninga
Foto: Kulturminnebilder.no

Kinsarvik kyrkje er ei steinkyrkje bygd i åra 1150-1160. Kyrkja er bygd i normannisk-romansk stil og ligg i Kinsarvik i Ullensvang herad, Hardanger og Voss prosti. Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld.

Kinsarvik kyrkje er den eldste steinkyrkja i Hardanger og var i si tid hovudkyrkja i heile Indre Hardanger. Den fyrste kyrkja i Kinsarvik har vore ei stolpekyrkje. Denne kyrkja var bygd med jordgravne trestolpar i hjørna. Steinkyrkja vart etter alt å døme bygd utanpå den gamle stolpekyrkja. Skipet er 19 m langt og 14,5 m breitt. Murane i skipet er 1,7 m tjukke og kormuren er 1,25 m tjukk. I kyrkjemuren er det fleire holrom og nisjar som vart nytta til gøymestad for kyrkjelege verdiar. Ein finn slike i alle mellomalderkyrkjer, men i Kinsarvik-kyrkja er det uvanleg mange.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har opphavleg vore kalkpussa både ut- og innvendig. Då ein skrapa vekk den nyaste kalkpussen kom målarstykke frå mellomalderen fram i dagen. Måleriet på sørveggen viser ein bisp, måla frå golv til tak. Nordveggen viser erkeengelen Mikael med «sjelevekta» si. Under står stygge smådjevlar og prøver å vippe vekta over på si side med ei båtshake. Det som er spesielt er at ein finn det same biletet i mellomalderkyrkjer i Spania.

Antemensalen[endre | endre wikiteksten]

Antemensalen (dekorert framside av alter) er laga av fire furubord 1,96 m x 1,03 m. Det viser frelsaren på krossen og krossfestinga. Over krossen står det: «Iesus Nazarenus Rex Iuderu» (Jesus av Nasaret, Jødekongen). Rundt kanten står det: «NEC-DS-NEC-HONO-PRESES-QVM-CARNIS-YNACO-SET-DS-EST-HONO-PRESES-QVAN-SING-NAT-YMAGO» (Korkje av Gud eller menneske er dette biletet, som du ser. Men det er eit bilete både av Gud og menneske.) Målaren har vore dårleg i latin og gjort fleire feil. Originalen er no på Bergen museum, medan det heng ein kopi i kyrkja.

Døypefonten[endre | endre wikiteksten]

Døypefonten frå mellomalderen er av kleberstein. Han har ein firkanta fot med kort, tjukt skaft og ei rund skål. Under døypefonten er det eit hol som vatnet etter dåpen rann gjennom.

Kyrkjemodellen[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjemodellen i Kinsarvik kyrkje er ei krosskyrkje med eit høgt midttårn og fleire småtårn. Ei segn seier at det var skottar som bygde kyrkja og at dei hadde med seg kyrkjemodellen. Dette var ein modell av ei kyrkje i Skottland. Kyrkja vart ikkje bygd fordi den var for dyr å byggja og fordi tårna kom til å verte øydelagde av vêr og vind. Modellen vart truleg brukt som gøymestad for relikvie. Originalen er no på Bergen Museum, medan ein kopi står i kyrkja.

Spådom[endre | endre wikiteksten]

Det er ein gamal spådom som seier at kyrkja skal rasa saman under ei gudsteneste. Under gudstenesta sundag 7. mai 1865 såg det ut til at spådomen skulle verte oppfylt. Rett etter at prost Irgens var ferdig med preika si begynte kyrkja å rista, sprekker i veggen utvida seg og kalken draus ned frå veggane. Folk fekk panikk og prøvde å koma seg ut. Mange vart skadde, men ikkje noko alvorleg. Prost Irgens stod roleg under heile hendinga og når alt hadde roa seg heldt han ein tale om at ingen kunne sleppa vekk frå Guds vilje.

Flaumen i 1743[endre | endre wikiteksten]

Under ein stor flaum i desember 1743 vart ein stor del av kyrkjegarden vaska vekk av vatnet og kistene flaut ut på fjorden. Ei segn seier at kista til Engel Simonson Ringøy som døydde i 1739 flaut i land i båtstøa hans på Ringøy. Kistene vart henta inn igjen og lagt under golvet i kyrkja. Under golvet i koret er det og ei krypt der sokneprest Løgit, kona og ungane hans ligg. Det ligg også to namnlause kister der.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]