Kinsarvik skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kinsarvik skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Kinsarvik i Hardanger. Saman med Hauso skule på vestsida av fjorden, er han den einaste ungdomsskulen i Ullensvang herad.

Fram til skuleåret 03/04 var skulen ein rein ungdomsskule. Men etter nedlegginga av barneskulen på Ystanes, vart ungane flytte over til ein nybygd barneskulefløy på Kinsarvik skule.

Skulen har ifylgje Ullensvang herad sine nettsider, 165 elevar. Elevane på ungdomsskulen kjem frå heile austsida av heradet, frå Ytre Bu ved grensa til Eidfjord kommune til Fresvik ved grensa til Odda kommune. Barneskulelevane kjem reisande frå alle bygdene som har Kinsarvik til postadresse. Dette er også eit stort område; frå Ytre Bu til Lutro. Skulen er difor avhengig av skuleskyss.

Skulen har m.a. eigen grusbane, badebasseng, godt IT-utstyr og god kontorplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]