Kirgisistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Кыргыз Республикасы
(Kyrgyz Respublikasy)
Кыргызская республика
(Kyrgyzskaja respublika)

(norsk: Kirgisistan, kirgisisk)

Det kirgisiske flagget Det kirgisiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Den kirgisiske
nasjonalsongen
»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Kirgisistan
Offisielle språk Russisk og kirgisisk
Hovudstad Bisjkek
Styresett
Republikk
Almazbek Atambajev
Zjantörö Satybaldijev
Flatevidd
 – Totalt
 
199 951 km² (86.)
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Tettleik
 
5 664 939 (113.)
28,3 /km²
Sjølvstende
  – Erklært

Frå Sovjetunionen
31. august 1991
Nasjonaldag 31. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
19 810 mill. USD (140.)
3 400 USD (151.)
Valuta Kirgisisk som
Tidssone UTC +5
Telefonkode +996
Toppnivådomene .kg


Kirgisistan (kirgisisk: Кыргызстан Kyrgyzstan) er eit land i Sentral-Asia, «midt i verda». Det er eit innelukka fjelland med grenser til Kina, Kasakhstan, Tadsjikistan og Usbekistan. Førti prosent av landet ligg meir enn 3000 moh. Hovudstaden er Bisjkek. Tidlegare var landet ein republikk i Sovjetunionen, og har vore uavhengig sidan 1991. Det unge demokratiet i landet viste positive framtidsutsikter under leiarskapen til tidlegare president Askar Akajev og var ganske stabilt i 1990-åra, men nærma seg seinare autokrati og autoritært styre.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Kirgisistan

Kirgisistan er eit fjelland som ligg på nordsida av den store fjellkjeda Tian Shan. Dei kirgisiske fjella inneheld mykje gull og andre dyre metall. Det høgaste punktet i landet er fjellet Dzjengisj Tsjokusu (Pik Pobedy), som når 7 439 moh. Det lågaste punktet er elva Kara-Darja, 132 moh.

Den store, krystallklåre sjøen Issyk-Kul, nordaust i landet, var i sovjettida eitt av dei fremste turistparadisa i Sovjetunionen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Dei høge fjellområda har snø året rundt, men på grunn av avstanden til havet og sidan Pamirfjella og Himalaya blokkerer monsunlufta frå sør, er desse fjellområda tørre. Det meste av snøen kjem i samband med svake lågtrykk frå vest om vinteren. Vintrane er kalde, men våren kjem tidlegare her enn lenger nord. Sumrane er til gjengjeld varme og turre, bortsett frå i dei høgare fjellstroka. I dalane er middeltemperaturen 28 °C, medan han i januar kan kome ned mot -18 °C. Den høgaste målte temperaturen i landet er i området kring Bisjkek med 44 °C, medan den lågaste målte temperaturen er i Ak-Sai med -54 °C. Landet har ein normal årsnedbør på 300-400 mm, men han kan kome opp mot 1000 mm i fjella. Hovudstaden Bisjkek, har mellom 220 og 240 soldagar i året.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Bisjkek.

Hovudstaden i landet er Bisjkek som tidlegare heitte Frunze. Ein annan stor by er Osj.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Folketalet var i 1999 på 4,9 millionar. Folket er hovudsakleg kirgisarar, eit tidlegare nomadefolk som stort sett vedkjenner seg islam. Andre folkegrupper er russarar, usbekarar og volgatyskarar.

Om lag tre fjerdedelar av innbyggjarane i landet er sunnimuslimar av hanafiretninga. Ein femtedel er ortodokse kristne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart russisk1860-talet. I samband med den russiske revolusjonen i 1917 gjorde kirgisarane opprør, og landet vart sjølvstendig fram til 1921, då området vart ein del av Sovjetunionen. Frå dette året til 1922 døydde over ein halv million innbyggjarar av svolt. Landet vart ein eigen sovjetrepublikk i 1936.

Då landet sa seg sjølvstendig frå Sovjetunionen i 1991 vart Askar Akajev president. Akajev leidde landet fram til 24. mars 2005, då, etter eit parlamentsval der Akajev vart skulda for valfusk, ein rimeleg fredeleg revolusjon med tilnamnet «Tulipanrevolusjonen» tok frå han makta til føremon for Kurmanbek Bakijev.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]