Hopp til innhald

Kiritimati

Koordinatar: 01°54′N 157°24′W / 1.900°N 157.400°W / 1.900; -157.400
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

01°54′N 157°24′W / 1.900°N 157.400°W / 1.900; -157.400

For «Christmas Island» i Indiahavet, sjå Christmasøya.
Kiritimati
øy
Land  Kiribati
Areal 388,39 km²
Folketal 6 447 (2015)[1]
Kart
Kiritimati
1°51′N 157°24′W / 1.85°N 157.4°W / 1.85; -157.4
Wikimedia Commons: Kiritimati

Kiritimati (IPA[kəˈrɪsməs], òg kalla Christmas Island, «Juleøya») er ei øy i Polynesia som tilhøyrer staten Kiribati i Stillehavet. Øygruppa hennar er Linjeøyane. Kiritimati ligg rundt 3 250 km nordvest for hovudøya i Kiribait, Tarawa, og 2 150 km sør for Hawaii. Namnet Kiritimati er Christmas uttalt på det lokale språket kiribatisk.

Kiritimati er den største korallatollen i verda,[2] og den største øya på Kiribati, med eit landareal på 322 km². Øya er 44 km lang og 39 km brei. Det høgaste punktet er Joe's Hill på 12 meter over havet.

Det bur rundt 5 100 innbyggjarar på Kiritimati, fordelt på fire byar: Hovudbyen London, Banana, Poland og Tabwakea. Ved Banana ligg lufthamna til Kiritimati, Cassidy International Airport (IATA-flyplasskode: CXI).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya blei oppdaga av kaptein James Cookjulaftan 24. desember 1777,[2] og fekk dermed det opphavlege engelske namnet Christmas Island.

USA gjorde krav på øya i 1856. Ho blei likevel annektert av Storbritannia i 1889, og blei ein del av kolonien Gilbert- og Elliceøyane i 1919. I 1979 blei Kiritimati innlemma i den nyoppretta staten Kiribati.

Militærflyet Handley Page Hastings flyg over London i 1956 under prøvesprengingsperioden.

Den 15. mai 1957 utførte Storbritannia si første prøvesprenging av ei hydrogenbombe lengst søraust på øya, etter at alle innbyggjarane var blitt evakuerte.[2] Både Storbritannia og USA gjennomførte seinare fleire prøvesprenginger på eller nær øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kiritimati