Kyrkjemøtet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kirkemøtet)

Kyrkjemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkja.

Kyrkjemøtet skal arbeide for saker av felles kyrkjeleg karakter og elles for alt som tener det kristelege livet i kyrkjelydane, og det skal fremje samarbeidet innan Den norske kyrkja. Kirkemøtet skal òg verne og fremje samisk kyrkjeliv og ivareta dei internasjonale og økumeniske oppgåvene til Den norske kyrkja.

Kyrkjemøtet var lovfesta i 1984 og har (i 2020) 116 medlemmer, jf § 24 i kyrkjelova:

  • 77 leke medlemmer, som samtidig er valde inn i dei elleve bispedømmeråda
  • 12 biskopar (deriblant preses i Den norske kyrkja).
  • 22 representantar for prestane og andre kyrkjeleg tilsette.
  • 3 samiske representantar
  • 1 represenant for døvekyrkja
  • leiaren av Samisk kyrkjeråd

Kyrkjemøtet fekk ved kronprinsregentens resolusjon i 1990 delegerert mynde til å vedta liturgiske reglar for Den norske kyrkja, herunder bl.a. innhaldet i altarboka og salmeboka reglar for bruk av kyrkjene.

Etter at statskyrkja vart avskaffa, har overtatt mykje av det kyrkjelege saksansvaret som før lå på Stortinget.

Kyrkjemøtet vert samla ein gong i året. Samlinga varer gjerne ei veke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Handbok for sokneråd og kyrkjelge fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon
  • Artikkel i Vårt Land 10.10.2020