Kirkens Bymisjon
Kirkens Bymisjon er ein diakonal stiftelse som driv sosialt arbeid på fleire felt, mellom anna innan
- rusomsorg
- eldreomsorg
- barnevern
- tiltak for barn og unge familiar
- tiltak blant personar med prostitusjonserfaring
Kirkens Bymisjon driv òg kyrkjeleg arbeid med gudstenester, open kyrkje, sjelesorg, forkynning og anna arbeid i samarbeid med kyrkjelyder og lokale organisasjonar.
Kirkens Bymisjon vart grunnlagt av professor i teologi Gisle Johnson 22. januar 1855 under namnet «Christiania Indremissionsforening», seinare «Oslo Indremisjon». Ei tid gav dei ut vekeavisa Vår Kirke. I 1875 bygde foreininga bedehuset Hauges Minde der det ei tid både var skule for misjonsprestar, mellomskule og gymnas.
I 1985 skifta foreininga namn til «Kirkens Bymisjon». Etter 1985 er det etablert stiftelsar tilknytt Kirkens Bymisjon fleire stader i Noreg. På landsbasis har bymisjonstiftelsane til saman rundt 2000 fagleg tilsette. Ca. 4 000 frivillige er òg knytt til arbeidet. Stiftelsane driv om lag 70 store og små institusjonar og virksemder. Den største stiftelsen er i Oslo med vel 1160 tilsette. Kirkens Bymisjon har senter i Oslo, Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Møre, Stavanger, Tønsberg, Fredrikstad, Drammen, Kristiansand, Aust-Agder og Telemark. Arbeidet finn stad i rundt 25 byar.
Kirkens Bymisjon er frå 1. juni 2015 leia av generalsekretær Adelheid Firing Hvambsal.