Kirkens Bymisjon
Kirkens Bymisjon | |||
Org.form | Stiftelse | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 944384448 | ||
Skipa | 22. januar 1855 | ||
Hovudkontor | Oslo[1] | ||
Land | Noreg | ||
Grunnleggjar(ar) | Gisle Johnson | ||
Nettstad | https://kirkensbymisjon.no (norsk) |
Kirkens Bymisjon er ein diakonal stiftelse som driv sosialt arbeid på fleire felt, mellom anna innan rusomsorg, eldreomsorg, barnevern, tiltak for barn og unge familiar og tiltak blant personar med prostitusjonserfaring.
Kirkens Bymisjon driv òg kyrkjeleg arbeid med gudstenester, open kyrkje, sjelesorg, forkynning og anna arbeid i samarbeid med kyrkjelyder og lokale organisasjonar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kirkens Bymisjon vart grunnlagt av professor i teologi Gisle Johnson 22. januar 1855 under namnet «Christiania Indremissionsforening», seinare «Oslo Indremisjon». Ei tid gav dei ut vekeavisa Vår Kirke. I 1875 bygde foreininga bedehuset Hauges Minde der det ei tid både var skule for misjonsprestar, mellomskule og gymnas.
I 1985 skifta foreininga namn til «Kirkens Bymisjon». Etter 1985 er det etablert stiftelsar tilknytt Kirkens Bymisjon fleire stader i Noreg. På landsbasis har bymisjonstiftelsane til saman rundt 2000 fagleg tilsette. Ca. 4 000 frivillige er òg knytt til arbeidet. Stiftelsane driv om lag 70 store og små institusjonar og virksemder. Den største stiftelsen er i Oslo med vel 1160 tilsette. Kirkens Bymisjon har senter i Oslo, Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Møre, Stavanger, Tønsberg, Fredrikstad, Drammen, Kristiansand, Aust-Agder og Telemark. Arbeidet finn stad i rundt 25 byar.
Kirkens Bymisjon er frå 1. juni 2015 leia av generalsekretær Adelheid Firing Hvambsal.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Kirkens Bymisjon 150 år Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- ↑ https://lottstift.no/stiftelsesregisteret/detaljer/944384448; vitjingsdato: 2. juli 2024.