Kirkeristen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirkeristen fotografert på 1860-1880-talet. Bygningen med tårnet er den gamle brannvakta; resten er basarane for sal av kjøt og anna. Spiret på domkyrkja stikk opp attom bygningen.
Brannvakta og Kirkeristen, fasaden mot Karl Johans gate (til venstre) og Dronningens gate. Tårnet på domkyrkja i bakgrunnen, innpakka i plastpresenningar under reparasjons- og vedlikehaldsarbeid i 2008
Fasaden mot domkyrkja

Kirkeristen i Oslo er den lange basarbygningen som ligg i ei boge langsetter Karl Johans gate og tverrgata Dronningens gate aust for Oslo domkyrkje, fram til den eigenlege «kyrkjerista». Dette var ei ferist som låg om lag attmed krysset mellom Storgata og Dronningens gate for å hindre husdyr i å kome seg inn på kyrkjegarden gjennom inngangsopninga i kyrkjegardsmuren. Husdyr var det mange av i byen på 1700-talet[1], og det vart difor bygd to ferister som små bruer i inngangane til kyrkjegarden som då låg attmed kyrkja, og var byens gravlund, men som vart fjerna seinare. Den andre ferista låg i den søndre porten i muren. Kyrkjegarden vart teke ut or bruk som gravlund i 1808. I 1823 vart arealet som låg mellom basarbygningen og kyrkja omgjort til park. Området vest for kyrkja hadde då vorte ein del av Stortorget framfor kyrkja.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Folk i byen byrja å nytte «Kirkeristen» som namn på basarbygningen, og dette har med tida vorte eit meir eller mindre offisielt namn som dei fleste nyttar. Elles kan bygningen verte omtala som basarane i Karl Johans gate, men ikkje berre Basarane, då det er liknade basarar på Youngstorget òg, og i tidlegare tider var det tilsvarande basarar framfor Victoria terrasse i Vika, Ruseløkkbasarane.

Bygningssoga[endre | endre wikiteksten]

Bygningen vart i si tid reist som buer for slaktarar for å betre dei hygieniske tilhøva i handelen med kjøt. For å gje tilkomst frå slaktarbu til slaktarbu, vart det bygd ein overbygd arkade framføre slaktarbuene, oppført i upussa, raud teglstein i nyromansk stil, det vil seie i ein stil som i samsvar med historismens oppfatning tok inspirasjon av mellomalderens romanske steinarkitektur. Då terrenget ikring domkyrkja ligg på eit høgare nivå enn Dronningens gate, vart slaktarbuene med fasade mot kyrkja liggjande i andre høgda i høve til slaktarbuene mot gata, og ei innandørs trapp vart bygd mellom det nedre og øvre nivået.

Den fyrste rekka med 24 slaktarbuer vart bygd i 1840-1842, og gjekk frå eit gamalt gravkapell i bakken i Karl Johans gate som brannvesenet disponerte, ned langs kyrkjegardsmuren og bortetter Dronningens gate. Arkitekt var Christian H. Grosch. Resten av rekka, inklusive trappa frå Dronnings gate, vart bygd frå 1845 til 1859, etter at det synte seg å vere trong for fleire slaktarbuer. I samband med denne utvidinga vart òg brannvakta bygd i 1854-1856 i flukt med basarhallane på tomta etter det gamle gravkapellet i Karl Johans gate, som hadde vorte rive tidlegare. Christian H. Grosch var arkitekt for denne bygningen òg, som vart bygd i nyromansk stil av same raude teglsteinen som basarhallane, og med eit tårn som var nytta til tørking av brannslanger. Denne brannvakta var byens hovudbrannstasjon fram til den noverande hovudbrannstasjonen på Arne Garborgs plass stod ferdig i 1939. No er brannvakta sokneprestkontor, og slaktarbuene er vorte omgjort til brukskunstnarverkstader, småbutikkar og små serveringsstader.

Basarane og brannvakta er freda, og vart restaurert i 1960 og frametter.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om krøterhald i Christiania (Oslo) i gamal tid, sjå side 164 i Oslo bys historie, band 2 av Knut Brauten, og sidene 82-84 i Oslo bys histore, band 3 av Jan Eivind Myhre. Oslo 2000: J.W. Cappelens Forlag A/S, ISBN 82-02-09143-8 og ISBN 82-02-09144-6. Ifølgje ei oppteljing i desember 1845, altså etter årets slaktetid, var det 1 883 storfe, 110 sauer, ei geit og 1 191 svin i byen og forstadane kring bykjerna, og dessutan 1 113 hestar som vart nytta til transport (Myhre side 84).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kirkeristen