Hopp til innhald

Kirov i Kirov oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirov
Киров
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kirov oblast
Høgd 150 m
Areal 169,73 km²
Folketal 475 871 (1. januar 2025)[1]
Grunnlagd 1374
   Bystatus 1374
Postnummer 610000–610052
Retningsnummer (+7) 8332
Bilnummer 43
Kart
Kirov
58°36′N 49°39′E / 58.6°N 49.65°E / 58.6; 49.65
Wikimedia Commons: Kirov, Kirov Oblast

Kirov (russisk Ки́ров)[a] er ein by og administrativt senter i Kirov oblast i Russland. Byen ligg ved elva Vjatka og har om lag 470 000 innbyggjarar.

Fortet Khlynov, like vest for Uralfjella, vart grunnlagt av handelsmenn frå Novgorod i 1374. Han vart første gong nemnd som by i dokument frå 1457. Khlynov vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva i 1489. Byen vart kjent over heile Russland for sine leirstatuettar og fløyter. Det eldste gjenverande monumentet i byen er Maria himmelfarts-katedralen frå 1689, som er krona med fem kuplar.

I 1781 døypte Katarina den store Khlynov til Vjatka og gjorde byen til senter i eit eige gubernija. Byen gjorde òg teneste som eksilstad, spesielt for Aleksander Herzen og Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin. Ved slutten av 1800-talet var han ein viktig stasjon på den transsibirske jernbanen. I desember 1934 vart byen kalla opp etter den sovjetiske leiaren Sergej Kirov, som vart myrda 1. desember.

Kirov er eit senter for maskinbygging, metallurgi, belysning, trykkeri og tømmerindustri.

Byen er eit regionalt transportknutepunkt (den transsibirske jernbanen) og elvehamn. Kirov elvehamn gjekk konkurs sist på 1990-talet og alle elvebåtane vart seld. Kirov har vore kjent i naboregionane for sine særs dårlege vegar og gater.[2]

Flyplassen til byen er Kirov Pobedilovo lufthamn. På 1990-talet var denne lufthamna stengd og i årevis var det ingen rutefly som gjekk nokon stad. Rundt 2003 prøvde fleire selskap å starte flygingar frå Kirov til Moskva og Krasnodar i sommarsesongane og frå 2006 flyr eit lokalt selskap ruta til Moskva.

  1. Frå 1781 til 1934 kjend som Vjatka (kyrillisk Вятка) og før 1781 Khlynov (kyrillisk Хлынов)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kirov i Kirov oblast