Kirovetz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirovetz K-744 R3.

Kirovetz («Кировец») er ein russisk traktor, produsert av «Петербургский тракторный завод» (Traktorfabrikken i St. Petersburg). Fabrikken har produsert traktorar heilt sidan 1924, då den byrja med å produsera «Фордзон-Путиловец» (Fordson Poltilovetsj), som var ein Fordson F produsert på lisens. Under 2. verdskrig produserte fabrikken krigsmateriale. Den har òg produsert anleggsmaskiner.

Fabrikken er best kjent for K700-serien, som er rammestyrte stortraktorar, med fleire hundre hk. Sidan produksjonen starta i 1962 er det produsert over 460.000 K700-traktorar. K700-traktorane vert nytta både for jordbruk, anleggsarbeid og militære føremål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]