Kirsten Brunvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsten Brunvoll
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1895
Lier
Død

5. april 1976 (80 år)

Yrke skribent, politikar
Politisk parti Arbeidarpartiet
Ektefelle Jonas Brunvoll
Born Gunnar Brunvoll, Jonas Brunvoll

Kirsten Olava Brunvoll, opphavleg Kirsten Olava Sørsdal, (24. desember 18951. januar 1976) var ein norsk dramatikar, forfattar og motstandskvinne under andre verdskrigen.[1]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Kirsten Brunvoll var dotter av Jørgen og Anne Sørsdal frå Lier i Buskerud. Ho var gift med Jonas Brunvoll og mor til Gunnar Brunvoll og Jonas Brunvoll.[2]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Den første arrestasjonen[endre | endre wikiteksten]

Under den tyske okkupasjonen av Noreg, vart Kirsten Brunvoll, mannen Jonas og sonen Jonas den 28. oktober 1941 av norsk politi, medan 17 år gamle Gunnar kom seg unna.[3] Den andre sonen og ektemannen til Kirsten vart begge deporterte og sett i konsentrasjonsleir til dei vart frigjevne våren 1945.

Gunnar Brunvoll klarte å flykta frå landet. Fram til 1944 arbeidde han ved Den norske legasjonen sitt flyktningekontor i Stockholm. Deretter klarte han å koma seg til Canada og utdanna til seg krigsflygar i den norske treningsleiren Little Norway.

Kirsten Brunvoll sat i kvinnefengselet i Åkebergveien ei tid, med brevforbod, besøksforbod og forbod mot å søkja juridisk bistand.

Deportasjonen til tyske konsentrasjonsleirar[endre | endre wikiteksten]

Ho vart arrestert på nytt og internert på Grini, og deretter deportert til Hamburg den 16. februar 1943 med skipet «Lappland».[4] Lisa Segal og mor hennar, Fanny, var på same båt. I Hamburg vart dei sette i Hüttenfengselet. Medan dei var der, vart Hamburg bomba av allierte fly fleire gonger. Frå fengselet i Hamburg vart Brunvoll sendt til konsentrasjonsleiren Ravensbrück, og seinare vidare til Majdanek-leiren ved Lublin. Mot slutten av krigen vart ho evakuert frå Majdanek til Auschwitz og attende til Ravensbrück. Frå Ravensbrück vart ho henta av Bernadotte sine kvite bussar.[4][5]

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Kirsten Brunvoll skildra opplevingane i dei tyske konsentrasjonsleirane i boka Veien til Auschwitz, som kom ut første gong i 1947. Ho var ei av tre norske kvinner i Majdanek.[6] Under Auschwitz-rettssakene i Warszawa vitna ho saman med Kai Feinberg.[7]

Etter krigen enda ho virket som dramatikar og forfattar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1932: Brunvoll, Kirsten: Forviklinger : lystspill i to akter, Aschehoug forlag[8]
  • 1934: Brunvoll, Kirsten Tre ulykkelige : skuespill i 2 akter, Aschehoug forlag[9]
  • 1936: Brunvoll, Kirsten: Kamerater : seks sketcher for Framlagene og andre barnelag, Tiden Norsk Forlag/Arbeiderteatret[10]
  • 1938: Brunvoll, Kirsten: Har De sett min sønn : skuespill i 3 akter, Tiden Norsk Forlag[11]
  • 1938: Brunvoll, Kirsten: Sjømenn går ombord : lystspill i 6 avd, Aschehoug forlag[12]
  • 1939: Brunvoll, Kirsten: Enebarn : skuespill i 2 akter, Aschehoug forlag[13]
  • 1948: Brunvoll, Kirsten: Det spøker : lystspill i 1 akt, Aschehoug forlag[14]
  • 1948: Brunvoll, Kirsten: På venteværelset : komedie i 2 akter, Aschehoug forlag[15]

Om opplevingane under krigen[endre | endre wikiteksten]

  • 1945: Brunvoll, Kirsten: Helvedet Auschwitz, forord i den norske oversettelsen av Tyve måneder i Auschwitz av polske Pelagia Lewinska[16]
  • 1947: Brunvoll, Kirsten: Veien til Auschwitz. Oslo: Aschehoug,. 2. opplag 1993 ISBN 8203172369[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dåp Kirsten Olava, digitalarkivet, lest 28. november 2015.
  2. «Gunnar Brunvoll – Norsk biografisk leksikon». Henta 28. november 2015. 
  3. Brunvoll s. 13
  4. 4,0 4,1 Bruland, Bjarte: Øyenvitner. Lysaker: Dinamo forlag, 2012.
  5. Brunvoll, Kirsten: Veien til Auschwitz. Oslo: Aschehoug, 1947.
  6. Dagbladet, 21. april 2012, s. 25.
  7. «Forfatterprofil: Kirsten Brunvoll (Arkivert kopi)». Aschehoug forlag. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 28. november 2015. 
  8. «Forviklinger : lystspill i to akter», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  9. «Tre ulykkelige : skuespill i 2 akter», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  10. «Kamerater : seks sketcher for Framlagene og andre barnelag», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  11. «Har De sett min sønn : skuespill i 3 akter», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  12. «Sjømenn går ombord : lystspill i 6 avd», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  13. «Enebarn : skuespill i 2 akter», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  14. «Det spøker : lystspill i 1 akt», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  15. «På venteværelset : komedie i 2 akter», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  16. «Tyve måneder i Auschwitz», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  17. «Veien til Auschwitz», www.nb.no, henta 12. november 2021